«Rustholken» er seld, kjøparen er amerikansk

PJ-801er det offisielle namnet, og skroget til den uferdige luksusyachten har  ligge ved Westcon i Florø sidan mai 2013. No er prosjektet eit lite steg nærmare ferdigstilling.

PJ-801er det offisielle namnet, og skroget til den uferdige luksusyachten har ligge ved Westcon i Florø sidan mai 2013. No er prosjektet eit lite steg nærmare ferdigstilling. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Storyacht-skroget som har hatt Florø som adresse i snart fem år, har fått ny eigar, og han skal vere amerikanar.

DEL

For nokre dagar sidan blei det store og uferdige Yacht-prosjektet, populært kalla «Rustholken», teke inn i dokka på Westcon Yards Florø. No startar ein jobb der heile stålskroget skal sandblåsast og få eit lag med primer, stadfestar leiar for skipsdivisjonen ved Westcon Yards Florø, Terje Totland.

– Båten er seld, og jobben vi no skal gjere skjer for den nye eigaren si rekning, stadfestar Totland overfor Firdaposten.

Til nettstaden sysla.no seier Totland at den nye eigaren er ein amerikanar.

Det 82 meter lange skroget blei opprinneleg bygt for ni år sidan ved Kvina verft, og var planlagt å skulle bli ein av verdas mest luksuriøse yachtar, med helikopterlandingsplass, eigen miniubåt og ha ein aksjonsradius på heile 17.000 kilometer med ein marsjfart på 16,5 knop. Men Kvina verft gjekk konkurs, og eit forsøk på å selje skroget til ein russisk kjøpar stranda ifølgje sysla.no få dagar før avtalesignering, då russaren brått døydde.

– Skal båten ferdigstillast no?

– Det ligg vel i korta. Men om vi kjem i posisjon til å gjere resten av arbeidet, står sjølvsagt att å sjå, seier Totland, som elles beskriv inngangen på 2018 som nokså trå.

– Det er optimisme i marknaden, og vi reknar stadig på ulike oppdrag. Sjølv om ting peikar litt oppover, så er kurva ganske slakk. Så det er krevjande tider framleis, konstaterer Totland.

Totland spår at skrogarbeidet som no startar opp, vil ta eit par veker, og det skal skje parallelt med anna arbeid i dokka.

Artikkeltags