Kina-handelen gir 100 millionar til Brødrene Aa

Dagleg leiar i Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa

Dagleg leiar i Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Salet av 40 prosent av aksjane i Brødrene Aa frigjev nær 100 millionar kroner til Hyen-verftet.

DEL

Og ifølgje Dagens Næringsliv er familiebedrifta i Hyen verdsett til 300 millionar kroner i transaksjonen der Hon Kong-baserte Chu Kong Shipping Enterprises kjøpte 40 prosent av aksjane i Brødrene Aa.

I tillegg forpliktar kjøparen seg også til å styrke verftet ytterlegare, ifølgje DN.

– Tek ikkje pengane og spring

– Vi kommenterer ikkje prisen, men er tilfreds med oppgjeret partane er samde om, seier dagleg leiar i Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa, til avisa.

Les også: Søker 20 nye tilsette

Samstundes understrekar han at pengane ikkje skal sløsast bort:

– Vi tek ikkje ut pengane og spring. Vårt ønske er å styrke selskapet og legge tilhøva til rette for ein internasjonal ekspansjon, seier Aa.

Juridisk rådgjevar: – Veldig solid partnar

Avisa har også vore i kontakt med Wikborg Reins kontor i Shanghai. Her har advokat Tormod Ludvik Nilsen vore juridisk rådgjevar får Brødrene Aa i transaksjonen. Heller ikkje han vil seie noko om storleiken på det økonomiske oppgjeret, utover at Brødrene Aa får «meget godt betalt».

– Det eg kan sei er at Brødrene Aa har funne ein veldig solid partnar. Chu Kong Shipping har mange verksemder, og har stor tru på teknologien til det norske verftet. Dei ønsker å bygge opp ein organisasjon i Kina basert på lokal ferdigstilling av hurtigbåtar. Etter kvart er planen å knoppskyte med full produksjon i landet, seier Nilsen til avisa

Brødrene Aa hadde i 2014 ei omsetning på 256 millionar kroner, ein auke på 53 millionar kroner frå året før. Ved inngangen til 2016 hadde selskapet ein ordrereserve på 400 millionar kroner, fordelt på seks fartøy.

Firda har ikkje lukkast å få kontakt med Tor Øyvin Aa.

Artikkeltags