Sjef for ny vekst

Tom Erling Bahus er tilsett som prosjektleiar for Nordhordland Næringshage sitt avdelingskontor på Hardbakke i Solund.

Tom Erling Bahus er tilsett som prosjektleiar for Nordhordland Næringshage sitt avdelingskontor på Hardbakke i Solund. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Skal leggje til rette for spennande idear og ny verksemd.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

1.oktober opnar Nordhordland Næringshage avdelingskontor på Hardbakke i Solund, og Tom Erling Bahus er tilsett som prosjektleiar for avdelinga.

Den nyetablerte avdelinga i Solund skal jobbe med spennande idear og verksemder i sjøbassenget rundt Solund, opplyser Nordhordland Næringshage i ei pressemelding.

Lang erfaring frå reiseliv
Bahus har dei siste åra jobba med næringsutvikling i regionen, og har lang erfaring innan reiseliv.

- Med denne bakgrunnen vil han gje næringshagen eit kompetanseløft. Bahus er sjølv ein gründer som har etablert fleire reiselivsverksemder dei siste åra, går det fram i pressemeldinga.

Desse flyttar inn
Avdelingskontoret i Solund har plass til fem samlokalliserte verksemder på Hardbakke.

Dei første som flyttar inn i lokala til næringshagen er Norsk Kystkulturakademi AS, TB-Event AS, Sulejet ANS, Solund Næringsutvikling AS og SolundMat AS.

Det nye avdelingskontoret ligg i lokala til Solund Eiendom, som husar Solund leiligheitshotell i andre etasje og har kontorareal i første etasje.

I desse lokala er allereie Solund rekneskap, Vidar Hop Skyssbåter og Hortimare etablerte.

Artikkeltags