Seier ja til luftleidning

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

NVE gjev Statnett SF konsesjon til å byggje ein ny 420 kV kraftleidning frå Ørskog til Sogndal.

DEL

Føresetnaden er at dei riv 110 km av eksisterande kraftleidningar i regionen.

Vil gå gjennom 15 kommunar
- Kraftleidningen med transformeringspunkt vil styrke forsyningstryggleiken i Midt-Noreg og leggje til rette for ny fornybar produksjon i regionen, uttalar vassdrags- og energidirektør Agnar Aas.

Den nye kraftleidningen går frå Ørskog transformatorstasjon via transformatorstasjonar i Ørsta, Ålfoten, Moskog og Høyanger til ein ny transformatorstasjon i Sogndal. Kraftleidningen er omlag 280 km lang og vil gå gjennom 15 kommunar og 2 fylke.

Underskotsområde
NVE meiner at leidningen mellom Ørskog og Sogndal er viktig for å styrke forsyningstryggleiken i Midt-Noreg og særleg Møre og Romsdal. Området er i dag eit underskotsområde og vil i dei næraste åra ha aukande kraftunderskot. Dagens kraftnett inn mot regionen er ikkje tilpassa det forbruket som Midt-Noreg vil ha framover.

Ut frå gjeldande kabelpolitikk, høge kostnader og omsynet til likebehandling av saker, har NVE ikkje funne grunnlag for å be Statnett søkje om kabel på strekninga.

Artikkeltags