Rett frå dåp til jobb

«Vestland Mira» drog rett frå sin eigen dåp i Balestrand til oppdrag i Nordsjøen.

«Vestland Mira» drog rett frå sin eigen dåp i Balestrand til oppdrag i Nordsjøen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Fredag vart «Vestland Mira», eigd av reiarlaget Vestland Offshore, døypt i Balestrand.

Skipet som er bygd ved Havyard sitt verft i Leirvik, reiste på oppdrag i Nordsjøen sju minutt etter at dåpen var over.

- Vi har fått kontrakt hos selskapet SGS, som driv med seismikk-nodar på havbotnen i Nordsjøen. Under oppdraget i Nordsjøen blir det arbeidd med heilt ny seismisk teknologi, og det er sjølvsagt eit strategisk viktig oppdrag for oss, opplyser direktør Per Vidar Hille i det Austevoll-baserte Vestland Offshore i ei pressemelding frå Havyard.

Skipet er nummer 15 i rekkja av supplyfartøy for plattformer levert frå Havyard-verftet i Leirvik, og direktøren i Vestland Offshore vart imponert over verftet i Ytre Sogn.

- At ein kan drive ei så krevjande verksemd i dette distriktet, der ein skulle tro at logistikk og tilgang på kvalifisert arbeidskraft er ei utfordring, er nesten uforståelig, seier Hille.

Artikkeltags