Tener mindre pengar enn i fjor

Fjord1 døypte ferja MF "Giskøy" i Florø. Gudmor var Berit Brendskag LIed, regionvegsjef i Statens vegvesen - region midt. Adm. dir. Dagfinn Neteland leia seansen.

Fjord1 døypte ferja MF "Giskøy" i Florø. Gudmor var Berit Brendskag LIed, regionvegsjef i Statens vegvesen - region midt. Adm. dir. Dagfinn Neteland leia seansen. Foto:

Av

Fjord1 har høg aktivtetet med innfasing av nye fartøy, avvikling av trafikktunge samband og oppstart av nye.

DEL

Fjord1 har starta opp fire nye ferjekontraktar i første kvartal. Det er tatt levering av to miljøvenlege fartøy for drift av sambandet Hareid-Sulesund.

Fjord1 fekk eit resultat før skatt på 18 millionar kroner i første kvartal, av ein omsetnad på 640 millionar kroner. Nedgangen i omsetnad og resultat samanlikna med 2018 er som venta ifølge ei pressemelding frå selskapet.

Det skriv Firdaposten.

Nedgangen i resultat samanlikna med første kvartal i fjor, som gav 104 millionar i pluss, skuldast avvikling av tre trafikktunge samband i 2018, oppstart av to nye samband, samt førebuing til oppstart av totalt ni nye samband som Fjord1 skal operere frå 01.01.2020.

Den målte regulariteten er upåklageleg. Dei har ein driftsregularitet på 99,82 %.

-Som tidlegare annonsert vil 2019 bli eit spesielt år for Fjord1 med særs høg aktivitet og med førebuing til oppstart av nye anbodskontraktar i 2020 med krav til låg- eller nullutslepp og miljøvennlege fartøy. Det er gledeleg å sjå at vi er godt i gong med å elektrifisere flåten vår. I 2018 tok vi imot sju el-nybygg. Vi har tatt levering av to fartøy så langt i år, og planlegg å ta levering av ytterlegare 14 fartøy i 2019. Frå 2020 vil Fjord1 operere meir enn 30 elektriske fartøy, fortel Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.  

Selskapet har passert ein viktig milepæl innanfor reiselivssatsing ved stifting av Vy Fjord1 Reiseliv AS i samarbeid med Vygruppen AS.

Artikkeltags