Preben (22) er Norges yngste hotelldirektør

Preben Moen er nominert til Helt Sjef.

Preben Moen er nominert til Helt Sjef. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

– Hotellet er mi dame, det er det eg pleier aller mest.

DEL

Ekteparet Dag og Irene Moen kjøpte Gloppen hotell i 1994 og har utvikla hotellet til eit lokalt samlingspunkt og ei suksessrik bedrift. Men natt til skjærtorsdag døydde Dag Moen brått, 54 år gammal. No tek eldstesonen Preben (22) over som dagleg leiar, mens parets andre son, Dag Håkon (18), startar kokkelærling frå i sommar.

Tre år før planen

Preben skulle ta over som sjef for Gloppen Hotell i 2016. Det var planen. Men slik skulle det ikkje gå.

– Det har vore ekstremt tøft, og blir nok tøft også i tida framover. Men både mamma og eg veit at dette var hans sterkaste ønske. Han ville at vi skulle komme i gang, og vi bestemte oss for at vi måtte gjere det. Komme oss i gang, og ikkje bli sitjande heime og sørge, seier mannen som i dag er landets yngste hotelldirektør.

– Går ikkje utan mamma

Sjølv om Preben berre er 22, er han allereie utdanna som kokk og servitør med fartstid på velrenommerte kjøkken i Norge. Og han er tindrande klar på at han ikkje maktar oppgåva å styre Gloppe åleine.

– Utan mamma går det ikkje. Men heldigvis har eg henne, seier han.

I mars flytta han heim til Sandane for å førebu overtakinga av hotellet.

–Planen var at eg skulle gå i lære og ta over i 2016, same året som hotellet fyller 150 år. Men det var også planen at mamma og pappa skulle trappe ned alt til sommaren for å reise og nyte livet, seier Preben Moen.

18 dagar seinare kom sjokkmeldinga om at pappa Dag Moen var død. Preben Moen og resten av familien måtte takle sorga, men også sørge for at familiens livsverk, Gloppen Hotell, vart ført vidare i hans ånd.

– Vi var tilbake på hotellet helga etter gravferda. Det var svært tungt den første dagen. Men det hjelpte godt å vite at det var hans største ønske at vi skulle vere der, seier Moen.

Klar til å føre livsverket vidare. Klar til å bruke all si tid på hotellet.

– Hotellet er mi dame

– Eg er van med å jobbe mykje. Og likar det. Det er dette eg lever for. Hotellet er mi dame, det er det eg pleier aller mest, seier 22-åringen. Og innrømmer at det nok blir lite tid til andre damer i nærmaste framtid.

Han har flytta inn på det som var barnerommet. På rom nummer 105 hadde han sitt rom frå femårsalderen. No har han flytta inn på det same rommet.

– Planen var å bygge ei leilegheit, men slik situasjonen er no, ser eg at det blir smått med tid til husbygging. Difor bestemte eg meg for å flytte inn på rom 105 igjen, og det fungerer flott, seier han.

Klar på at hotellet blir drive vidare som i dag.

– Å vere til stades og yte eigeninnsats er dei to viktigaste suksessfaktorane. Så kjem mat, drikke og atmosfære. Det har vore hotellet sin store styrke, og der blir det ingen endringar, seier Preben Moen.

Som til sommaren får selskap av sin 18 år gamle bror, Dag Håkon. Han går på kokkelinja ved Øyrane vidaregåande skule i Førde, og skal ha lærlingtida på hotellet der broren er sjef.

Artikkeltags