Permitteringsvarsel til alle tilsette

LYSARE TIDER: Frode Steen (t.v.) fekk ideen om å lage eit trådlaust varslingssystem for motorsportbaner etter ei dramatisk hending på gokart-bana i Førde der dottera hans var involvert. Arvid Beinnes (t.h.) har vore med sidan Tracksa etablerte seg i Vadheim i 2006. Han er teknisk direktør og har også vore administrerande direktør sidan 1. februar i år, men har sagt opp leiarjobben med verknad frå oktober. Biletet er frå 2006 og viser gamle prototypar av lysanlegget.

LYSARE TIDER: Frode Steen (t.v.) fekk ideen om å lage eit trådlaust varslingssystem for motorsportbaner etter ei dramatisk hending på gokart-bana i Førde der dottera hans var involvert. Arvid Beinnes (t.h.) har vore med sidan Tracksa etablerte seg i Vadheim i 2006. Han er teknisk direktør og har også vore administrerande direktør sidan 1. februar i år, men har sagt opp leiarjobben med verknad frå oktober. Biletet er frå 2006 og viser gamle prototypar av lysanlegget. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Gründerbedrifta treng ny kapital i løpet av eit par månader. – Vi er på desperat jakt etter pengar, seier dagleg leiar Arvid Beinnes.

DEL

Vadheim-bedrifta har ein bokstaveleg talt lysande forretningsidé og har fått mykje merksemd for eit trådlaust lysanlegg for varsling på motorsportbaner, som dei har utvikla og levert til kundar i Europa, Australia og USA.

Lysanlegget erstattar den gamle ordninga med funksjonærar som står rundt på banene og viftar med flagg for å varsle førarane.

Både Norges Bilsportforbund og Det internasjonale bilsportforbundet har omfamna ideen, men over fem år etter starten er ikkje inntektene i samsvar med dei store utviklingskostnadene.

MILLIONUNDERSKOT

Rekneskapen for 2010 viser at inntektene gjekk kraftig ned i høve til året før, og bedrifta måtte tole eit underskot på 2,7 millionar kroner. Dermed rauk også resten av eigenkapitalen som dermed var negativ ved årsskiftet.

I årsmeldinga skriv revisor at «Disse forholdene (...) indikerer at det foreligger en vesentlig usikkerhet som kan skape tvil av betydning om selskapets evne til fortsatt drift.»

Dagleg leiar Arvid Beinnes seier at dei hadde ein brukbar start på 2011, men så har marknaden tørka inn. Difor har også bedrifta sendt ut permitteringsvarsel til alle fem tilsette frå 5. september.

– Men kjem det inn ein ordre, så er det full fart igjen. Vi har ute tilbod for til saman fire millionar kroner, til klubbar som har teke kontakt og viser reell interesse for vårt anlegg, seier Beinnes.

FRAMTIDA AVHENG AV NYTT REGELVERK

Framtida til Tracksa AS er avhengig av det nye regelverket som Det internasjonale bilsportforbundet (FIA) jobbar med.

– FIA lagar eit nytt regelverk for lysvarsling som skal komme i september. Vi har vore med å leggje føringar i komiteen, men er sjølvsagt spent på kva dei kjem fram til. Dersom FIA kjem med noko heilt anna enn det vi tilbyr, må vi i verste fall endre det fysiske utstyret. I beste fall er det berre snakk om endringar i programvara, seier dagleg leiar Arvid Beinnes i Tracksa.

Han er spent på om FIA kjem med eit utkast eller ei endeleg løysing. Manglande regelverk fører naturleg nok til at mange potensielle kundar sit på gjerdet.

Beinnes fortel at Rudskogen Motorpark i Østfold har installert lysanlegg frå Vadheim, men dei ønskjer ikkje å kjøpe det i påvente av nye reglar. Dermed må Tracksa nøye seg med ein leigeavtale.

Det er baner for gokart, rallycross og racing som er hovudmålgruppa for bedrifta. I Frankrike er 600 gokartbaner og i USA over 1000.

Samstundes er det eigne nasjonale regelverk i tillegg til det internasjonale, så det er ein krevjande marknad å navigere i, seier Beinnes.

Artikkeltags