Orkla sel kraftverk Bremanger

SEL UT: Straum frå eige kraftanlegg har gitt Elkem sitt smelteverk langsiktige vilkår i Svelgen. No kjem kraftanlegget under offentleg eigarskap.

SEL UT: Straum frå eige kraftanlegg har gitt Elkem sitt smelteverk langsiktige vilkår i Svelgen. No kjem kraftanlegget under offentleg eigarskap. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Dei tre kraftselskapa Sogn og Fjordane Energi, Tafjord Energi og Sognekraft blar opp 1,7 milliardar kroner og kjøper Orkla-konsernet sitt kraftverk i Bremanger.

DEL

Aksjane i Elkem Energi Bremanger AS blir dermed tekne over av nystarta Svelgen Kraft Holding AS, som er eigd av Sogn og Fjordane Energi Produksjon AS (56 prosent), Tafjord Kraftproduksjon AS (34 prosent) og Sognekraft AS (10 prosent).

Til saman 6 milliardar

Orkla sel kraftanlegga sine både Bremanger og Salten i Nordland. Bakgrunnen er at kraftverka har vilkår under heimfallsretten og dermed på sikt vil måtte gå til offentlege selskap.

Det er Orkla-eigde Elkem som sel kraftverka, som til saman har ein produksjon på 1,7 terawattimar. Salet vart godkjent av styra i Orkla og Elkem 4. oktober.

Salssummen er til saman drygt seks milliardar kroner, og oppgjeret føreset naudsynte offentlege godkjenningar.

Måtte selje før eller seinare

– Eigarskapet til vasskraftverka har vore viktig for utviklinga av Elkem si industriverksemd dei siste 40 åra. Kraftverka som må seljast før heimfallstidspunkta, det vil seie seinast innan 10-15 år, gir derfor ikkje lenger den langsiktige krafttilgangen vi treng for å utvikle industrien. Vi har oppnådd gode vilkår gjennom konkurranse mellom fleire bodgjevarar, seier konsernsjef Dag J. Opedal i Orkla.

Dei to kraftverka i Salten-området i Nordland, Elkem Energi Siso AS og Elkem Energi Lakshola AS, blir tekne over av Norsk Vannkraftproduksjon AS, som er eigd av Nord-Trøndelag Energiverk Energi AS og Østfold Energi AS. Begge er i offentleg eigarskap.

Orkla og Elkem skal framleis eige kraftanlegga ved Borregaard i Østfold og i Sauda i Rogaland. Førstnemnde er bygd før lova om heimfall tredde i kraft og kan dermed eigast til evig tid. Sistnemnde skal overtakast av Statkraft i 2030.

Artikkeltags