Ola Braanaas har lite sans for riking-lista

FYLKETS RIKASTE: Ola Braanaas har lite sans for å figurere på lista over landets 400 rikaste personar. Her er oppdrettaren fotografert i Oslo, då han tok i mot transporten med kongestatuen i sommar.

FYLKETS RIKASTE: Ola Braanaas har lite sans for å figurere på lista over landets 400 rikaste personar. Her er oppdrettaren fotografert i Oslo, då han tok i mot transporten med kongestatuen i sommar. Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Oppdrettsgründeren Ola Braanaas er den einaste frå Sogn og Fjordane blant dei 400 rikaste i landet. Men sjølv likar Braanaas ikkje å snakke om pengar.

DEL

– Dette er heilt uinteressant for meg. Eg har over ikkje sans for slike lister, seier Braanaas til firda.no.

På finansbladet Kapital sin årlege oversikt over dei 400 rikaste i landet, er oppdrettaren med base i Gulen inne på ein 195. plass.

God for 800 mill.

Gjennom morselskapet Firda Management, og ei rekkje underselskap, har Braanaas blitt blant dei store innan oppdrettsfisk i Norge.

Men den jordnære gründeren som vart kjendis då han i sommar kjøpte den omstridde Olav-statuen og plasserte den på den gamle handelsstaden Skjerjehamn i Gulen, er likevel overraska over at han ifølgje kapital skal vere god for 800 millionar kroner.

– Eg skjøner ikkje korleis dei har rekna. Uansett er dette kapital som er bunden opp i utstyr og anlegg. Eg har ikkje tenkt noko over dette, seier oppdrettaren.

– Så noko konto i Sveits finn ein ikkje hos Braanaas?

– Nei, her er det ikkje spesielt med pengar.

– Skaper feil fokus

Braanaas legg likevel ikkje skjul på at det er gode tider i oppdrettsnæringa.

– Vi hadde eit godt år i fjor, og det har gått bra i år. Utsiktene ser gode ut.

Braanaas som er kjent som ein radikalar og outsider i finansmiljøet meiner rangeringar av den typen Kapital gjer årleg, har lite føre seg.

– Slike lister tek fokus vekk frå det som er viktig. Det er å få arbeidsplassane til å virke, og verdiskapinga av desse, meiner han.

– Du er einaste frå fylket på lista. Overraskar det deg?

– Ja, det gjer i grunn det, seier ein ordknapp Gulen-millionær.

Utflytta sunnfjording på lista

Den utfytte jølstringen, Ivar Helgheim (69) figurerer på 150. plass på Kapital si liste.

Medeigaren i Skei Hotell skal vere god for 1,025 milliardar kroner. Helgheim har tent ei formue innan helse, blant anna analyse av blodprøver, med Dr. Fürst Medisinske Laboratorium som juvelen i forretningsimperiet.

PS. Skiprsreiar John Fredriksen, som skattar på Kypros og er ein ivrig fiskar i Nausta, toppar framleis Kapital si kåring – no med ei formue på 55,5 milliardar kroner.

Artikkeltags