Byggjer hybridferjer med design frå Sunnfjord

Slik skal ferjene sjå ut når dei er ferdige.

Slik skal ferjene sjå ut når dei er ferdige. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Sunnfjord-bedrifta Multi Maritim har teikna personbilferja som FosenNamsos Sjø no skal byggje.

DEL

I ei pressemelding måndag skriv FosenNamsos Sjø at dei har valt at Myklebust Verft skal byggje to nye ferjer med batteriteknologi for FosenNamsos Sjø.

Noko som betyr at ferjene som no skal byggjast er designa av ei bedrift frå Sunnfjord.

Utvikla i Sunnfjord

Det er nemleg Multi Maritime frå Førde som har designa og utvikla dei energieffektive personbilferjene.

Ifølgje pressemeldinga vil ferjene ha teknologiske løysingar i verdsklasse, og eit energiforbruk som skal vere lågare enn 30 prosent av normalforbruket ved vanlege dieselferjer av same storleik.

– Vi set pris på at FosenNamsos Sjø har valt våre nyutvikla og teknisk leiande løysingar. Samtidig må vi skryte av FosenNamsos for å prosjektere og byggje ferjer som gjer det mogleg å ha heilelektronisk drift store delar av døgnet, på eit samband der det nyleg var uttalt at det var ueigna, seier administrerande direktør i Multi Maritime, Gjermund Johannessen, i pressemeldinga.

Ferdig i 2018

Ferjene som skal byggjast, skal ha nyutvikla skrogform og propelløysing med meir. Det skal brukast så kalla plug-i hybrid-løysing. Noko som betyr at ferjene har eit batterisystem der ein stor del av energiforbruket kjem frå heilautomatisk lading når ferja ligg ved kai.

Dei to ferjene skal setjast inn på sambandet Flakk – Rørvik. Og dei vil romme 130 personbilar, med ein toppsalong med 360 graders utsikt. Der blir og ladepunkt for elbil om bord på ferjene.

Ferjene skal i hovudsak ladast når dei ligg til land, men grunna kort tid ved kai (4 minutt), blir der og ein dieselgenerator som ladar dei undervegs.

Leveringstida for ferjene er mot slutten av 2018.

Artikkeltags