Storkontroll avslørte mange avvik

Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: I betongbransjen er det dårlege HMS-rutinar, utslepp i fjorden og ulovleg brenning av næringsavfall.

DEL

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fann mange avvik då betongbedrifter i heile fylket vart kontrollerte.

Olset Entreprenør AS i Askvoll har fått beskjed om å rette fleire avvik. Blant anna må avrenninga til sjøen takast prøvar av. Utsleppet kan vere lovleg, men må sjekkast for tungmetall.

I tilsynsrapporten står det også at HMS-rutinane har store manglar. Til dømes gjeld det for gjennomføring av risikovurdering, handtering av slam, handtering av avfall, støyande aktivitetar og opprydding av forsøpling på området.    

Ifølgje Fylkesmannen står området til Olset Entreprenør fram som uryddig og delvis forsøpla. Kontrollen avdekte også at verksemda har drive med open brenning av næringsavfall. Spora etter bål skal ha vore dekt over med slam frå betongproduksjonen.  

Dagleg leiar i Olset Entreprenør, Ole Kristian Olset, ønskjer ikkje å kommentere tilsynsrapporten, men fortel at dei jobbar med saka.  

Blakka vatn renn ut i sjøen  

Avvik fann Fylkesmannen også hos Sunnfjord Betong AS i Førde, som var den største bedrifta som vart kontrollert. I tilsynsrapporten står det at frå vaskeplassen til bilane, renn det blakka vatn ut i sjøen. Blakka vatn tyder at det er tydeleg farge på vatnet. Bedrifta har fått pålegg om å sjekke at utsleppet ikkje medfører eit skadeleg utslepp.

– Eg ser ikkje noko bekymring der. Det kan jo vere noko grått vatn som renn ut, men vi meiner at vi har eit godt system for vasking av bilar. Vi har kummar som all sement, asfalt og grus blir samla opp i, seier Terje Anders Horsevik, dagleg leiar i Sunnfjord betong.

No held bedrifta på med å ta vassprøvar av det blakka vatnet. Fylkesmannen har bede bedriftene om tilbakemelding på retting av avvika innan 21. november.

Koordinert aksjon

I sommar og haust har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kontrollert alle betong- og sementbedriftene i fylket. Kontrollen er del av ein større koordinert aksjon på nasjonalt nivå. Det skal ikkje ha vore ei slik systematisk oppfølging frå miljøvernmyndigheitene mot bransjen tidlegare.

– Vi har kontrollert 15–20 bedrifter i Sogn og Fjordane. Dei aller fleste er på ein måte takknemlege for at vi kjem. Bedriftene kan bli informerte om regelverket, og dei får moglegheit til å forbetre seg, seier Gøsta Hagenlund, assisterande direktør hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Tilsyn kan gi eit godt grunnlag for konkurransen mellom bedriftene, og alle i bransjen må handtere regelverket likt.

– Det er ikkje noko negativt med at det er tilsyn. Eg synest det må vere likt for alle som driv med dette. Vi kan bli flinkare på det meste, og det er bra at vi blir skjerpa på ting, seier Horsevik frå Sunnfjord betong.

Artikkeltags