Solaas blir ny direktør i Westcon Yards Florø

NY JOBB: Frå 1. mai blir Trygve Solaas ny direktør i Westcon Yards Florø.

NY JOBB: Frå 1. mai blir Trygve Solaas ny direktør i Westcon Yards Florø.

FLORA: Den tidlegare viseadministrerande direktøren ved Havyard Ship Technology AS Leirvik, Trygve Solaas, blir no den nye direktøren i Westcon Yards Florø.

DEL

– Eg ser fram til å bli ein del av Westcon-laget, seier Trygve Solaas, den nye direktøren til Westcon Yards Florø, i ein pressemelding.

I pressemeldinga kjem det fram at Solaas tiltrer i stillinga som leder av Westcon Yards Florø frå 1. mai.

– Westcon Yards har posisjonert seg som ein offensiv og solid aktør i marknaden, og har gjennom mange år satsa tungt på investeringar på kompetanse og infrastrukturen i Florø. Det er ei bedrift med lange tradisjonar og som med sine fasilitetar er blant dei beste i landet. Dette er eit fantastisk utgangspunkt for gode leveransar til kundane og betydeleg auka aktivitet. Eg gleder meg til å bli betre kjent med nye bedrifter og alle mine nye kollegaer, seier Solaas.

Solaas har sidan 2000 vore tilsett i forskjellige roller i Havyard Group sitt verft i Leirvik. Han har hatt roller som prosjektdirektør, prosjektleiar, produksjonsleiar og verftsdirektør.

– Med sin kompetanse og lange erfaring, er Trygve rett mann til å utvikle potensialet som ligg i verftet i Florø. Marknaden er framleis krevjande, men vi ser stadig antydningar til at pilene peiker noko oppover, seier Øystein Matre, administrerande direktør i Westcon Yards i pressemeldinga.

Artikkeltags