Harrods sel kveite frå Sogn

Av

Harrods, som er eitt av dei mest eksklusive varemagasina i London, sel kveite frå Ortnevik i Sogn.

DEL

– Sjølv om vi snakkar om eit avgrensa volum, har det stor betyding at Harrods har valt å ta inn produktet vårt. Dei er eit såkalla «high end»-varemagasin, som er den marknaden vi rettar oss mot, seier Ole-Kristian Hess-Erga, som er kvalitets- og utviklingssjef i Sogn Aqua, til avisa Ytre Sogn.

Kveita som Harrods no sel er foredla, og har ein kilopris på rundt 1000 kroner.

Avtalen mellom Sogn Aqua og Harrods har kome i stand med hjelp frå Norsk Sjømatråd og Direct Seafood.

Artikkeltags