No blir det taredyrking

Tare og Høy. Her frå Hortimare sitt anlegg i Solund.

Tare og Høy. Her frå Hortimare sitt anlegg i Solund. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Vi har gode moglegheiter til å dyrke etterspurde artar med høg kvalitet.

DEL

Solund-bedrifta Hortimare AS har fått konsesjon for dyrking av makroalgar (tare). Sogn og Fjordane er truleg det første fylket i landet med konsesjonar for akvakultur av vatnlevande planter.

Nærings- og fiskeridepartementet (tidlegare Fiskeri- og kystdepartementet) har gjeve Hortimare AS løyve til å dyrke tare. I startfasen vil bedrifta nytte lokaliteten til å utvikle og prøve ut metodar for dyrking av makroalgar. På sikt er det ynskjeleg å etablere ei full næringskjede med godt distribusjonsnett.

Konsesjonen i Solund gjeld dyrking i sjø og hald av stamalgar på land av sukkertare (Laminaria saccharina), butare (Alaria esculenta), fingertare (Laminaria digitata) og søl (Palmaria palmata). Makroalgar er ei stor internasjonal næring

Vanleg i Asia

Dyrking av makroalgar er ikkje uvanleg i Asia, der algar i stor grad vert nytta i matlaginga (maki og sushi). Berre i Kina vert det dyrka over seks millionar tonn makroalgar årleg. I Norge har det vore gjort fleire forsøk med dyrking av tare, dei fleste i regi av oljeselskap som vurderer å nytte tare til biodrivstoff.

– Norge med sitt reine sjøvatn bør ha stort potensial for å nytte denne ressursen, meiner Lena Søderholm, marin fagkoordinator i fylkeskommunen i ei pressemelding.

Viktig for å nå mål

Små kimplanter av tare vert festa til tauverk som sidan vert sett ut på bøyestrekk i sjøen. Det er inga fôring i produksjonssyklusen, då tareplantane veks av sollys og næringsstoff som finst i sjøvatnet.

– Vi har gode moglegheiter til å dyrke etterspurde artar av tare med høg kvalitet her i fylket. Taren kan vidare nyttast til både legemiddel, mat og dyrefor, avsluttar Søderholm.

Norge har som mål å bli verdas leiande sjømatnasjon. Makroalgar kan verte eit viktig supplement til å nå dette målet.

Artikkeltags