Lerum er kåra til årets mat- og drikkeprodusent

Trine Lerum,adm. dir i Lerum AS, tok imot prisen som Årets mat-og drikkeprodusent.

Trine Lerum,adm. dir i Lerum AS, tok imot prisen som Årets mat-og drikkeprodusent. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fekk gjev pris.

DEL

Lerum AS har gått til topps i kåring av Årets mat- og drikkeprodusent 2016. Prisen blei delt ut under NHO Mat og Drikkes årskonferanse torsdag, melder NHO i ei pressemelding.

– Vi har eit sterkt ønske om å vere med å utvikle bransjen vidare, og derfor er det veldig kjekt å få denne prisen. Eg vil gjerne rette ein spesiell takk til alle dei tilsette som gjer ein stor innsats for bedrifta kvar einaste dag, uttalte administrerande direktør Trine Lerum i Lerum AS då ho tok imot prisen.

I juryen si grunngjeving står følgande:

«Lerum AS har sidan starten i 1907 lagt stor vekt på å bygge ein bedriftskultur der skaparglede, kunnskap og dugnadsånd står sentralt. Bedrifta produserer saft, syltetøy og juice. Det er i dag fjerde generasjon Lerum som eig bedrifta. Bedrifta har lykkast i å utvikle og produsere kvalitetsprodukt og står fram som «ærleg» ved å vere truverdig, levere kvalitet, vere solid, ha integritet og vere sjølvstendig.
Produkta har eit særprega design. Bedrifta arbeider aktivt med innovasjon og produktutvikling, gjer stadig nye investeringar og oppgraderingar, er særdeles automatisert og godt tilpassa framtida.»

Lerum var blant dei ni bedriftene som blei vurdert til prisen. Prisen blir delt ut til ei bedrift som produserer i Norge, og som det siste året har utmerkt seg innanfor områda; bedriftskultur, innovasjon/produktutvikling, marknadsføring/kommunikasjon, kompetanse eller miljø.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken