Navic er årets vekstbedrift i Sogn og Fjordane

Navic Engineering sin første store kunde var Elkem Bremanger i Svelgen.

Navic Engineering sin første store kunde var Elkem Bremanger i Svelgen. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Navic Engineering i Svelgen leverer tenester til industrien, og skaut fart då dei skreiv 5-årsavtale med Elkem Bremanger.

DEL

Elkem Bremanger var utgangspunktet for at årets vekstbedrift i Sogn og Fjordane vart etablert. Selskapet leverer ingeniørtenester og prosjektleiing til industrien. For grunnlaget vart lagt då Navic teikna ein 5-årskontrakt i 2003 med hjørnesteinsverksemda.

Prosjektleiinga til Navic går direkte på drifta ved verket. Navic jobbar med det utstyrstekniske, og kjem med råd om effektivisering og materialforbetring.

Verksemda vart starta i 2002 av Torgeir Fauske og Eivind Midlang.

Selskapet har hatt følgjande omsetningsvekst:
2003: 174.000 kroner
2004: 1.635.000 kroner
2005: 3.824.000 kroner
2006: 9.575.000 kroner
2007: 15.202.000 kroner

Navic Engineering arbeider med det utstyrstekniske, og målet til bedrifta er å redusere kostnadane eller auke inntektene hos kunden.

- Ved å jobbe så tett med kunden over lang tid oppnår vi kjennskap og kunnskap om prosessane som gjer oss betre i stand til å gje oss eit konkurransefortrinn framfor dei andre, seier Torgeir Fauske til DN.no.

Til dømes har Navic sørge for fordobla levetid av auseforvarmarar ved å fornye teknologien, noko som Elkem stadfestar sparar dei for fleire millionar kroner årleg.

I 2006 opna dei ei ny avdeling i Stavanger, med olje- og gassindustrien som målgruppe.


Dotterbedrift i Polen
Alt i startfasen støytte dei på eit problem, nemleg ein laber tilgang på ingeniørar i Norge, og særleg ingeniørar med interesse for å busetje seg i Svelgen.

I 2005 oppretta dei derfor eit dotterselskap i Polen, med 25 tilsette. Mykje av teikneoppgåvene vert gjort der. Eivind Midlang seier at kontoret i Polen er ein føresetnad for det dei har fått til.

Navic har i dag også kundar som Metallkraft i Kristiansand, Icelandic Alloys, Elkem Metall i Canada, Elkem Solar og kundar innanfor olje og gass.

Les meir om Navic på DN.no
Sjå lista over alle gasellene i Sogn og Fjordane 2008

Sjå video om Navic på DN.no.

Artikkeltags