Gå til sidens hovedinnhold

Naturpark fekk pris og heider

Artikkelen er over 8 år gammel

Gir både opplevingar og lokale ringverknader

Fosseheimen Naturpark i Viksdalen vart i føremiddag overrekt Innovasjon Norges Bygdeutviklingspris for 2012.

Prisutdelinga skjedde i samband med fylkestingets tingsete i Balestrand. Bygdeutviklingsprisen er på 50.000 kroner.

– Denne bedrifta er eit døme på ei vellukka etablering som gir vinn-vinn effekt, sa juryleiar Jenny Følling, før fylkesordførar Åshild Kjelsnes overrekte prisen til eldsjelene bak naturparken, Karina Hetle Solheim og Ståle Solheim.

Breitt spekter

– Dei to har sidan 2010 bygd opp eit tilbod med eit breitt spekter av natur- og dyreopplevingar for både born og vaksne. Dei samarbeider med 4H og med fleire lokale aktivitetar. I sum er dei gode på både lokale opplevingar og gardsmat, sa Følling.

Utgangspunktet for bedrifta er ekteparets gard med 200 vinterfora sauer, og der aktivitetane sspenner frå bondegardsaktivitetar, ridekurs og hjortesafari, til guida turar, jakt og fiske og servering og overnatting.

10 000 vore innom

Karina Hetle Solheim takka på si side både Innovasjon Norge og samarbeidspartnarar som Eldalstunet, men ikkje minst dei 10.000 menneska som har vore innom Fosseheimen Naturpark sidan starten.