Vil sleppe over 6000 tonn tungmetall og kjemikalier i Førdefjorden

Sjødeponimotstandar Anne-Line Thingnes Førsund.

Sjødeponimotstandar Anne-Line Thingnes Førsund. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Har ikkje testa kor mykje som vil løyse seg opp i sjøvatnet.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

- Eg har sett på desse tala i fleire år, og prøvd å rekne ut kor mykje det vart, men heile tida tenkt at «Nei, dette må du ha gjort feil. Tala blir jo alt for store», seier Anne-Line Førsund Thingnes.

I eit lesarbrev i Firda i dag skriv ho at seks millionar tonn gruveslam årleg tilsvarer eit utsleppe 2352 tonn tungmetall og 3650 tonn kjemikaliar. Av tungmetalla er 112 kg kvikksølv, 445 tonn bly, 332 tonn kopar, 251 tonn nikkel, og 1234 tonn sink.

Tonnevis av gift

- Men så har eg fått dyktige folk til å rekne over, og det viser seg at tala er rette. Dette vil dei altså sleppe ut i fjorden vår, tonnevis av svært giftige tungmetall og kjemikalier, seier Thingnes Førsund.

- Men desse tungmetalla kjem jo i form av at dei er bestanddelar i steinstøv. Det kan vel ikkje samanliknast med om det vart slept ut i rein form?

- Vi veit ikkje kor mykje av det som blir løyst opp i vatnet. Den einaste testen av det i samband med konsekvensutgreiinga, er at dei gjorde eit forsøk med finmalt steinstøv frå ei steinblokk  rett i fjordenteken rett ut av Engebøfjellet. Men det slammet som faktisk skal sleppast ut i fjorden, er jo støv som er behandla med ei rekke kjemikalier som nettopp har til hensikt å løyse metall ut frå steinen.

Løyser opp metallet

Til å løyse opp titanoksydet og skilje det ut frå steinstøvet vil det årleg bli brukt  er 1200 tonn svovelsyre, 1000 tonn natriumsilikat, 1000 tonn fosforsyreesterar og 360 tonn karbonsyre – som og endar i fjorden.

- Skal ein skille ut metall frå stein, så må ein bruke kjemikalier, seier professor emeritus i kjemi Einar Sletten ved Kjemisk Institutt ved Universitetet i Bergen.

- Men ein kan ikkje bestemme seg for å berre løyse ut eitt enkelt metall. Løyser du ut eitt metall, får du dei andre med på kjøpet – i større eller mindre grad.

Stor, stygg ulv

- Men dei fleste tungmetalla som her er lista opp, er ikkje eigentleg veldig farlege. Desse metalla fins i ganske store mengder i sjøvatn frå før. Den stor stygge ulven her er kvikksølvet, seier Sletten.

- Og kor mykje av kvikksølvet vil løyse seg opp i vatnet og dermed vere farleg for livet i fjorden?

- Det kan eg ikkje seie. Skal eg seie noko om det, må eg vite i kva bindingar kvikksølvet førekjem i bergarten. Kvikksølv finn du aldri heilt reint i ein bergart, det vil alltid vere bunde opp i form av kvikksølvsulfid, kvikksølvsulfat kvikksølvklorid eller kvikksølvoksyd. Dei to første er tungt løyselege, medan dei to siste lettare løyser seg i vatn, seier Sletten.

Støttar seg til Klif

Sjefgeolog Mona Schanche i Nordic Mining syner til Klima - og rureiningsdirektoratet (Klif) si uttale i 2012, der dei skreiv at «Malmen (eklogitten) fra Engebøfjellet kan betegnes som inert, og det forventes dermed ikke problemer med forurensning i sigevannet fra gråbergdeponiet eller fra avgangsmassene i sjøen. Innholdet av tungmetaller kan sammenlignes med bakgrunnsverdier i naturen. Sulfidinnholdet er også meget lavt slik at det forventes ikke problemer med sur avrenning.»

Firda sende torsdag Schancke ein epost der vi stilte følgjande spørsmål:

- Så vidt eg kan sjå er forsøka basert på finmalt, uprosessert  steinstøv rett frå Engebøfjellet. Er det gjort analyser på reell, prosessert gruveavgang?

- Eg har snakka med ein kjemiprofessor i dag som seier at skal han kunne seie noko om  kor mykje av kvikksølvet som spreier seg og blir biologisk tilgjengeleg (slik at livet i fjorden får det i seg, red.anm.), må han vite i kva type forbindelsar kvikksølvet opptrer i bergarten.  Eg kan ikkje finne ei oversikt over det i lenka du sende meg. Veit du om det fins ein oversikt over det?

Svaret vi fekk var:

Uproblematisk

- "Prøven av nedmalt eklogitt ble i utgangspunktet vurdert til å være konservativ i forhold til innholdet av tungmetaller siden det er kjent at  sulfider følger produktstrømmen, altså havner i rutilkonsentratet. I avgangen vil derfor innholdet av tungmetaller være lavere. Uansett er nivået så lavt at det regnes som uproblematisk. På bakgrunn av dette er det ikke gjort spesifikke studier av hvor tungmetallene sitter, men det forventet at de kan sitte både i silikatmineralene og i sulfidene. Generelt er det slik at tungmetaller som sitter i silikatmineraler i mindre grad kan lekke ut enn hva som er tilfellet for sulfider som kan gjennomgå oksideringsprosesser. Videre er det kjent at oksideringsprosesser er mindre aktive når masser ligger under vann enn på land hvor tilgang på oksygen gjør at oksyderingen går raskere.

- Ser du på  miljømyndighetenes veileder for tildekkingsmasser så er det slik at ved lave nivåer av tungmetaller (Engebøavgangen ligger lavere enn disse grenseverdiene) så anses det ikke som nødvendig å gjøre nærmere undersøkelser av utlekkingspotensial.

- For Engebøavgangen ble det på samme måte ikke vurdert som nødvendig med nærmere undersøkelser av forhold knyttet til tungmetaller på grunn av at innholdet i utgangspunktet er svært lavt.

Artikkeltags