Full krangel om fjorddeponiet

Alfred Bjørlo (t.h.) og Høgres Arve Mjømen. Bildet er frå arkivet.

Alfred Bjørlo (t.h.) og Høgres Arve Mjømen. Bildet er frå arkivet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Stopp galskapen, sa Alfred Bjørlo (V). – For mykje Møllers tran, svara Høgre.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Stadig meir tyder på at Førdefjorden vil bli vår generasjons Alta-sak, spår Venstres Alfred Bjørlo. I dagens fylkestingsete på Hermansverk gjekk han til frontalåtak på det omstridde gruvedeponiet, og utfordra særleg Ap og Sp: – Sogn og Fjordane skal vere framtidsfylket, ikkje verdas siste skanse for fortidas måte å drive billeg gruvedrift på, sa Venstres gruppeleiar.

Bjørlo viste mellom anna til at Sogn og Fjordane 19. november vart toppsak i The Guardian, verdas tredje mest leste avis på nett, og der Storbritannias leiande marinbiolog Callum Roberts omtalar deponiet slik: "This (plan) is mad. It's like returing to the 18th century. (..) This is pollution on a grand scale.

Omtala i India

– Artikkelen har vekt oppsikt verda rundt. Han har på to veker blitt delt over 5000 gonger på sosiale media. Til og med indiske miljøstyremakter omtalar no Førdefjorden-saka på sine nettsider, sa Bjørlo, og spådde: Dette er berre starten.

– Førdefjorden kan bli vår generasjons Alta-sak, men med to skilnader: Ho vil ikkje berre vere nasjonal, men internasjonal. Og denne gongen står store deler av næringslivet vi skal leve av i framtida, på naturen, nasjonale fagstyremakter og det internasjonale engasjementet si side, sa Venstre-representanten.

Utfordra

Bjørlo viste til havbruks-, reiselivsnæringa og andre som åtvarar mot deponiet, og utfordra særleg Ap og Sp, m.a. med spørsmål om dei i ein konfliktsituasjon vil prioritere Nordic Minings deponiverksemd framfor framtidsnæringa fiskeri og sjømat.

Dei to raudgrøne partia svara begge at dei ønskjer mineralsatsinga og er for Engebøprosjektet, men at den må gjerast miljømessig forsvarleg, og Aps Jorunn Eide Kirketeig gjorde det klart at det er delte meiningar i Ap og at Førde Ap er mot.

Bjørlo problemet

Høgres Arve Mjømen meinte Alfred Bjørlo hadde overforbruk av Møllers tran, og sa at nokon måtte ta ansvar for eit næringsliv og ein industri ein ønskjer skal kome til Sogn og Fjordane.

Frank Willy Djuvik (Frp) meinte at største problemet ikkje var prosjektet, men korleis Bjørlo og andre snakkar ned omdømet til norske fjordar.

– Punkt etter punkt har blitt sjekka ut i utgreiingsarbeidet. Men Bjørlo snakkar ned prosjektet med billege poeng og påstander som er feil, sa Djuvik i fylkestinget.

Artikkeltags