– Moods of Norway skal distribuerast til 1300 nye butikkar i USA. Frå før leverte vi til 30 butikkar. No skal det bli mykje større, fortel styreleder Jan Egil Flo i Moods of Norway til Firda.no.

Signert av gigantselskap

Storsatsinga kom etter at gründerane Peder Børresen og Simen Staalnacke vart kontakta av CAA. Agentfirmaet har nokre av verdas mest kjende skodespelarar og artistar i stallen, som Sarah Jessica Parker, Brad Pitt, Jessica Biel og Madonna for å nemne ein brøkdel.

Resultata frå butikkane Moods var inne i frå før synte at konseptet selde bra. Agentselskapet meiner dei har stort salspotensiale, og har tatt på seg marknadsføringa av det som skal bli eit kjend merkevare i statane.

Tar kontroll

Det kan gjere heile forskjellen for selskapet som ikkje har hatt kapasitet til å gå inn utan støtte frå marknadsgiganten.

– Vi har ikkje hatt logistikk og system i orden før, vi har hatt for mykje på vore skuldrer til å kunne tenkje så stort. Men no har CAA ordna alt, dei har kontroll over heile varelinja, fortel Flo.

Gründerane Peder Børresen og Simen Staalnacke skal dele tida si mellom Los Angeles og Norge. Distribusjonen i USA skal gå utanom drifta i Europa, med eitt unnatak. Som del av marknadsføringa skal dei to gründerane vere stjerner i eit realityprogram.

«Stryningar i byen»

– Det er eit feelgood program som vil handle om Peder og Simen når dei flytter til Los Angeles. Vinklinga går på at dei er europeiske designarar som prøver å etablere seg i USA, fortel Flo.

Selskapet har gjort det same for eit anna klesmerke. Realityserien rundt lanseringa av Chip ’n Pepper gjekk på amerikanske skjermar, og skal ha gjort stor suksess for merket.

– Dei er no eit av USAs raskast veksande klesmerka, fortel Flo stolt.

Norske legender

Den kommande kolleksjonen er kalla Legends of Norway, og handlar om dei store i norsk kulturhistorie.

– Det er inspirert av historia til dei gamle rockelegendene som var store i utlandet i si tid, som Camilla Collett, Edvard Grieg og Ole Bull.

Det vil truleg bli kolleksjonen som skal åpne amerikanske auger for norsk design.