Eide Fjordbruk kjøper 70 prosent av Solund-bedrift

LIALAKS: 70 prosent av aksjane i Solund-bedriften Lialaks, som produserer laksesmolt, er selde til Eide Fjordbruk.

LIALAKS: 70 prosent av aksjane i Solund-bedriften Lialaks, som produserer laksesmolt, er selde til Eide Fjordbruk. Foto:

NÆRINGSLIV: Fiskeselskap frå Hordaland har kjøpt opp aksjar i settefiskprodusenten Lialaks AS i Solund.

DEL

Det er den Bergensbaserte fiskeprodusenten Erko Seafood som sel aksjane i Lialaks til Eide Fjordbruk.

Settefiskprodusenten i Solund produserer rundt 600.000 laksesmolt årleg.

Eide Fjordbruk skriv i ei pressemelding at dei ønskjer å investere i akvakulturverksemda i Sogn og Fjordane for å på sikt kunne byggje opp ei berekraftig klynge med både settefisk- og matfiskproduksjon i same region.

Det Hordaland-baserte selskapet vil også investere for å sikre seg lokalt og eigenprodusert smolt til sin fiskeproduksjon, skriv dei i pressemeldinga.

Artikkeltags