Kvinner oftare sjukemeldt enn menn

Sjukefråværet i fjerde kvartal i fjor var rundt fem prosent for menn, medan det var 8,3 prosent for kvinnene.

Sjukefråværet i fjerde kvartal i fjor var rundt fem prosent for menn, medan det var 8,3 prosent for kvinnene. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Kvinner taklar dårligare psykiske belastningar på jobb, viser forskning.

DEL

Kvinner er langt oftare sjukmeldt enn menn, viser ein studie.

Studien som forskar Tom Sterud ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) har gjort, viser at sjukefråværet i fjerde kvartal i fjor var rundt 5 prosent for menn, men 8,3 prosent for kvinnene, skriv Dagsavisen.

– Min studie viser at kvinner har om lag 70 prosent høgare risiko enn menn for både generelt sjukefråvær og eit høgt sjukefråværsnivå – over 40 dagar i året, seier Sterud til avisa.

Han har forsøkt å finne ut i kva grad mekaniske og psykiske arbeidsbelastningar forklarer forskjellane på menns og kvinners sjukefråvær. Og nettopp det psykososiale arbeidsmiljøet er ifølgje studien mykje av grunnen til at kvinner er borte frå jobb langt oftare enn menn.

– Studien viser at eit stad mellom 21 og 27 prosent av kjønnsforskjellane i sjukefråværet kan forklarast med det psykososiale miljøet, seier han.

Artikkeltags