Reklamefilm frå Førde knuste dei store

SJARMERTRE JURYEN: F.V: Espen Nyttingsnes, i Rakkar AS og Ivar Høyvik i Findriv AS er glad for at dagleg leiar Pål Anders Kårstad (i midten) i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS bruker små lokale firma. Resultatet vart premie for beste marknadsføring. Foto:Nora Marie Hesjedal

SJARMERTRE JURYEN: F.V: Espen Nyttingsnes, i Rakkar AS og Ivar Høyvik i Findriv AS er glad for at dagleg leiar Pål Anders Kårstad (i midten) i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS bruker små lokale firma. Resultatet vart premie for beste marknadsføring. Foto:Nora Marie Hesjedal Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Rakkar og Findriv knuste større meklarhus i gjæv konkurranse.

DEL

Dei vann reklameprisEigedomsmekling Sogn og Fjordane AS vann pris for beste marknadsføring i open klasse på Norges Eigedomsmeklarforbund sin vårkonferanse i Tromsø. Den filmen er det Findriv og Rakkar AS i Førde som har laga, med hjelp av lokale statistar.

– Dette er veldig kjekt, for vanlegvis går desse prisane til dei store kjedene, gjerne Oslo-kontor. Det er typisk dei som stikk av med alt av prisar, seier dagleg leiar Pål Anders Kårstad i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS.

– Dette viser kva ein kan få til som eit lite eigedomsføretak i Sogn og Fjordane saman med andre lokale verksemder kan produsere; marknadsføring som er heilt av øvste klasse nasjonalt sett, seier Kårstad, som er særs godt nøgd med resultatet.

Stemningsfilm skal selje Jølster

Vinnarfilmen tek utgangspunkt i Holtane hyttegrend på Jølster.

– Eg hadde fått i oppdrag å selje 80 hyttetomter, og når du skal selje hyttetomter så må du selje alt rundt hytta også, forklarer Kårstad, som ønskte seg dronefilm som ein del av marknadsføringa.

– Ivar Høyvik på Findriv AS kunne tilby dette, seier Kårstad.

Dermed starta dei to selskapa planlegginga av filmen  som skal marknadsføre Holtane hyttegrend ved hjelp av Jølster og skisenteret.

Grepa med regi og dialog er det Findriv AS som har gjort i samarbeid med Espen Nyttingnes i Rakkar AS. Saman har desse to småselskapa frå Førde danka ut alle dei andre bidraga frå meklarhus landet over.

– Dette her er knallbra og banebrytande fordi det er annleis, seier Kårstad om filmen.

– Heile poenget er å fange interessa til dei som ser filmen, og få dei til å assosiere seg sjølv inn i dei same situasjonane som i filmen, seier Kårstad og legg til:

Dette hadde aldri gått utan ein oppdagsgjevar som var villeg til å satse på denne typen marknadsføring, og stolte på oss, seier Kårstad om oppdragsgjevarten Ivar A. Sunde.

– Dette er tøft!

Filmmakarane sjølve vart både overraska og begeistra då dei fekk melding om at filmen deira har vunne:

– Det er jo heilt fantastisk, særleg sidan vi er veldig ferske i filmbransjen og får ein så heftig pris for ein av våre første filmar, seier Ivar Høyvik. Han tilskriv samarbeidet med Espen Nyttingnes mykje av æra for at prisen:

– Det er han som er mykje av motoren i filmsatsinga vår, seier Høyvik, og legg til at medan han sjølv styrer dronefilminga, så er det Nyttingnes som filmar «frå bakkenivå»

– Eg skjøner ikkje heilt kva som har skjedd. Men dette er tøft, seier Nyttingnes, som trur dei to brukte ei veke på å lage vinnarfilmen.

– Vi har bevist spelt på kjensler, meir enn hytte, seier Høyvik.

Her kan du sjå vinnarfilmen om Holtane hyttegrend

Artikkeltags