Bringebærsaft frå Sandane til topps i nordisk meisterskap

SIGER I SVERIEGE: Påldtun er ei lita familebedrift dreve av ekteparet Veronica Påldtun og Magne Ravnestad. Dei har god hjelp av foreldra hennar, Margun Angelshaug og Nils Petter Hauge. Å få anerkjenning i ein nordisk konkurranse betyr mykje, seier Veronica Påldtun.

SIGER I SVERIEGE: Påldtun er ei lita familebedrift dreve av ekteparet Veronica Påldtun og Magne Ravnestad. Dei har god hjelp av foreldra hennar, Margun Angelshaug og Nils Petter Hauge. Å få anerkjenning i ein nordisk konkurranse betyr mykje, seier Veronica Påldtun. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SUNNFJORD: Og no er dei i finalen i «Det norske måltid».

DEL

– Det er veldig kjekt og veldig overraskande, seier Veronica Påldtun, om sigeren i Sverigemeisterskapet i mathandverk denne veka.

Påldtun fekk tips om konkurransen av nokon ho kjente, og fortel at det var litt tilfeldig at dei sende inn «Bringebærsafta» til denne konkurransen. Sverigemeisterskapet i mathandverk har halde på i tjue år, og det var eit nordisk meisterskap med deltakarar frå både Finland, Sverige og Norge.

Familiebedrift

Påldtun er ei lita familiebedrift i Sandane, som starta opp med prøveproduksjon på garden i 2012. Veronica Påldtun driv bedrifta saman med mannen sin og foreldra sine. Dei produserer òg hermetisk frukt, geléar, sylte og saft av andre bær. I 2014 bygde dei produksjonslokale på garden, og ho fortel at dei veks litt for kvart år. Dei har fått noko støtte frå Innovasjon Norge til produktutvikling, og grunna auka produksjon ser Påldtun at det av og til hadde vore kjekt med fleire tilsette. At dei har vunne eit nordisk meisterskap er verdifullt for bedrifta.

– For oss som er ei så lita bedrift, betyr det mykje at ein sånn konkurranse anerkjenner produktet som eit kvalitetsprodukt med god smak. At vi blir løfta fram som bedrift og gjort synlege betyr mykje, seier Påldtun.

Ho er no spent på korleis det går i januar, da dei skal vere med i finalen i «Det norske måltid» i Stavanger.

Toppscore for fenalår

Under samme meisterskap fekk også Solundmat 20 av 20 mogelege poeng for sitt fenalår av Villsau frå Norskekysten.

Det gav gull i si klasse. Det vart konkurrert i 45 ulike matklassar og 500 produkt deltok over 100 produsentar hovudsakleg frå Sverige, 13 produsentar frå Norge deltok.

I tillegg til Påldtun og Solundmat vart ein sølvmedalje henta til Vik og Vikja as sitt økologiske røkte og kokte lammelår.

Artikkeltags