Slik sjarmerte Per Sævik fylkesutvalet

Per Sævik Havila Holding

Per Sævik Havila Holding Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FJORD1: Med ein open, ærleg og jordnær presentasjon overtydde Havila-eigar Per Sævik fylkesutvalet om at han ville bli ein god eigar for Fjord1.

DEL

– Det ein seier og det ein gjer, skal henge saman, innleia Per Sævik sin lysarkserie for fylkesutvalet med. Han var onsdag føremiddag invitert til å svare på ein del spørsmål før dei ville ta stilling til om dei ville tilrå fylkesutvalet å gå inn for salsavtalen Jenny Følling og fylkesrådmann Tore Eriksen har forhandla fram.

Opne om alt

Følling innleia møtet med å opplyse at ho vart blitt einig med Per Sævik om å gjere kjent at salssummen i avtalen er på 1.065.000.000 kroner. Og openheita slutta ikkje der. Den var faktisk berre så vidt begynt.

Fylkespolitikarane hadde før møtet sett spørsmålsteikn ved tre emne, kva galdt salet til Sævik: Korleis han såg på å få lokale investorar med på laget, om Havila i det heile teke hadde økonomi til å innfri salssummen, og om hovudkontoret ville bli liggande i Florø også etter eit sal.

Grundige svar

Og dei fekk grundige svar.

Sævik begynte med å presentere seg sjølv, heimkommunen Herøy og Fosnavåg, der Havila-konsernet har sitt hovudsete. Forsamlinga fekk sjå bilde av han sjølv som tolvåring med sin første båt, og som 23-åring med den første båten han var skipper på.

– Det var i skoddeheimane ved kysten av Canada og Newfoundland. Eg brukar å seie at det er dei mest stormfylte åra i mitt liv, bortsett frå dei åra eg var styreleiar for Helse Midt-Norge, sa Sævik. Alle fekk og sjå bilde av båten han forliste i Nordsjøen som 25-åring.

Så følgde ein detaljert gjennomgang av kvart enkelt selskap i Havila-konsernet, korleis det gjekk med dei, og korleis det kunne påverke morselskapet.

Har tatt store tap

– Havila Holding har ein eigenkapital på 1,2 milliardar, og det er etter at vi i fjor skreiv ned verdien på Havila Shipping med 1,5 milliardar. Shippingselskapet er hardt råka av oljekrisa, men det selskapet kan gå rett i potetåkeren utan at det skadar oss. Det tapet har vi allereie tatt, sa Sævik.

– Vi er bånn solide. Balansen vår viser at vi har ein eigenkapital på 1,2 milliardar kroner. Kva gjeld økonomien, er det slik at når de no får ein god pris for aksjane dykkar, ser bankane og at dei 41 prosent av aksjane vi allereie har, har ein monaleg meirverdi i høve til det som i dag er bokført. Vi kjenner oss så trygge på dette, at for første gong i Havila-konsernet si historie stiller Havila Holding sjølvskuldnargaranti for kjøpesummen. Det har vi aldri før gjort, for vi skulle ikkje gå med i dragsuget om noko gjekk under. Men no gjer vi det, og at de får betalinga, kan de lite på, sa Sævik.

– I balansen har de ført opp ein aktivapost på 676 millionar kroner. Kor mykje av det er i shippingselskapet? ville Bjørn Hollevik vite.

– 28 millionar kroner, meir er det ikkje. Den verdien er «gone». Resten er spreidd på hotell, eigedommar, delar i skip, litt av kvart. Det er dermed også risikoen, sa Sævik.

Lova på si ære

– Men kor trygge kan vi vere på at hovudkontoret blir verande i Florø, ville Gunnhild Berge Stang vite.

– Eg har som leveregel at det eg seier, det skal folk kunne stole på. Når eg kjem på bana og seier at hovudkontoret skal ligge i Florø, og eg har forankra med mine etterkommarar at dette gjer vi, då blir det liggande i Florø. Noko sterkare forsikring enn det kan de ikkje få, sa Sævik.

Kva galdt lokale investorar kunne han opplyse at han hadde kontakt med fleire.

– Den einaste eg har høyrt som såg det som eit problem at fylkeskommunen sel seg ned under 33,34 prosent, var Arne Stang, sa Sævik.

– Vi ønsker å spreie eigarskapen, og vi ønsker å få med oss lokale investorar. Det kan til og med hende vi sel nokre av aksjane på børs, men ingen må gå her i den villfaring at vi kjem til å selje oss ned under 51 prosent, for det kjem vi aldri til å gjere, sa Sævik.

Artikkeltags