Han vil leige ut båten din

Det ligg båtar for milliardar i båthamnene rundt om, som nesten aldri er i bruk. Det vil Gjermund Flage gjere noko med.

Det ligg båtar for milliardar i båthamnene rundt om, som nesten aldri er i bruk. Det vil Gjermund Flage gjere noko med. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

- Det ligg båtar for milliardar i båthamnene som ikkje er i bruk.

DEL

Gjermund Flage og Oddleif Hatlem har fått ein lys idé:

- Oddleif flytta til Oslo for mange år sidan. I fjor sommar ringde han meg og lurte på om eg kunne ordne han ein leigebåt i ferien. Den sommaren hadde vi mykje kontakt, og etter kvart kom vi på dette: Alle dei båtane som ligg og nesten aldri blir brukt, og dreg bankrenter for eigarane, tenk om vi kunne leige dei ut til turistar, det ville då alle tene på?

- Kjærkomne pengar
Med forretningsadresse Hyllestad drøymer dei no om å leige ut båtar langs heile Vestlandet.

- Utleigeformidling av fritidsbåtar er ikkje uvanleg i utlandet. I Kroatia, Tyrkia og Hellas er dette stor forretning.

Sognefjord Boating, som firmaet deira heiter, har fått 35 000 kroner i stønad frå Hyllestad kommune til å vidareutvikle websida si på tre språk. No arbeider dei med å rekruttere båteigarar som kan tenke seg å leige ut båtane sine.

- Vi snakkar stadig med folk som synest båten kostar dei for mykje, som har prøvd å selje, men som ikkje får ein pris dei kan selje for. For desse kan ti-femten tusen i veka om somrane bli veldig kjærkomne pengar, seier Oddleif Hatlem.

Har laga anbefalt rute
Trur de ikkje folk er skeptiske til å leige ut båtane sine?

- Jau, det er klart. Men for det første, så skal vi passe på at utleigarane teiknar ei forsikring som dekker skade ved utleige. Dessutan har vi, i tillegg til den norske marknaden, tenkt å rette oss mot utanlandske turistar, og dei vil gjerne cruise inn og ut Sognefjorden. Og det veit båtfolk: I Sognefjorden er det faktisk grenser for kor gale det kan gå. For farvatnet er stort sett veldig reint, og sjøgangen blir aldri skremmande, seier Flage.

Han og Hatlem drog sjølve på ein prøvetur inn Sognefjorden i sommar, og dei skal no legge opp ei anbefalt rute med forslag til stopp.

Artikkeltags