Han er ny redaktør for lokalavisa

SKIFTE: Aadne Gloppestad (t.v.) er tilsett som ny redaktør og dagleg leiar i Firda Tidend. Bjørn Grov gir seg etter snart 40 år i redaktørstolen.

SKIFTE: Aadne Gloppestad (t.v.) er tilsett som ny redaktør og dagleg leiar i Firda Tidend. Bjørn Grov gir seg etter snart 40 år i redaktørstolen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: Bjørn Grov gir seg, Aadne Gloppestad tek over som ny redaktør for Firda Tidend.

DEL

Aadne Gloppestad er tilsett som ny redaktør og dagleg leiar i Firda Tidend.

– Det blir ei stor oppgåve å ta over ansvaret for bedrifta, seier Gloppestad til Firda Tidend.

Gloppestad tek over jobben 15. oktober, når noverande redaktør og dagleg leiar Bjørn Grov blir pensjonist etter snart 40 år. 

– Det er ei stor personleg utfordring å ta over ansvaret for ei bedrift, seier Gloppestad til avisa han har jobba i som journalist sidan 2008.

Han har tidlegare studert økonomi og administrasjon og har også lagt bak seg ni år som butikksjef.

Artikkeltags