Framtidsretta verksemd får 18 mill. i støtte

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Forskingsrådet og Innovasjon Norge gir Carbontech Holdings AS 18 millionar kroner i støtte. I tillegg har dei nye aksjonærane gitt 20 millionar kroner til å vidareutvikle den patenterte karbonteknologien i Høyanger.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Måndag presenterte styret i Carbontech den nye karbonteknologien som på sikt skal skaffe Høyanger fleire titals arbeidsplassar.

Hovudproduktet

Oppvarma naturgass vert blanda med ei lita mengde oksygen. Den kjemiske prosessen dette gir splittar naturgassen til karbon og hydrogenrik gass, som vert hovudprodukta til Carbontech.

Verksemda skal etablere seg på C-hall tomta til Hydro i 2010, og det børsnoterte selskapet Hexagon Composites, ASA, stiftelsen Høyangerfondet og Sparebanken Vest går aktivt inn på eigarsida for å sikre vidare utvikling.

Mindre CO2-utslepp

Ein av oppfinnarane, sivilingeniør Arne Godal frå NTH, fortel at prosessen som gjer det mogleg å konvertere 80 prosent av naturgassen til karbon og hydrogen er miljøvennleg.

– Vi startar i liten skala, men det er ingen tvil om at teknologien er eit bidrag til CO2-problematikken, seier han.

Hydrogen som råvare for gasskraftverk gir nemleg store reduksjonar av CO2 ved at karbon i stor grad vert skilt ut i framkant av prosessen.

Etterspurd vare

I tillegg til at hydrogen er råvare for gasskraft, så er også reint karbon ei attraktiv handelsvare i elektronikkindustrien og i framtidas brenselceller. Administrerande direktør i Hexagon Composites, Erik Espeset, er glad for at Carbontech til slutt hamna i Høyanger.

– Vi har brukt eit år på å vurdere kvar verksemda skulle liggje, og Høyanger Næringsutvikling og kommunen her har vore hjelpsame og lagt til rette for Carbontech, seier han.

50 stillingar å fylle

Han fortel vidare at dersom dei skal kunne seie dei har lukkast, så må dei ha klart å skaffe rundt 50 personar jobb over dei neste åra. Dette betyr jakt etter kvalifiserte fagfolk.

Ordførar Kjartan Longva trur ikkje dette vert noko problem, trass i at industrien skrik etter arbeidskraft.

– Tidene kan endre trendane og eg ser ikkje på arbeidskraft som noko problem, seier Longva optimistisk.

Artikkeltags