Forelska seg og flytta bedrifta

- Eg har bestemt meg for å satse frå Solund. Det skal eg få til, slår Tone Elise Brenna fast.

- Eg har bestemt meg for å satse frå Solund. Det skal eg få til, slår Tone Elise Brenna fast. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Storbyen blir erstatta med ein av landets minste kommunar.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Eg har forelska meg. I Solund og i ein mann som bur her. No skal eg få næringslivet hit, seier Brenna.

– Første januar vart eg formelt innbyggar i Solund, seier Tone Elise Brenna. Ho er ekte Oslo-jente, som no har bestemt seg for å satse frå ein av landets minste og vestlegaste kommune.

– Eg har drive mitt eige eventselskap TB Event i åtte år. Eg har ein årleg omsetnad på rundt 5 millionar. I tillegg til meg har eg ein tilsett på kontoret i Milano, og ein rekneskapsmedarbeidar i Oslo, seier Brenna.

Oslo- Solund- Milano

– Eg kjem framleis til å ha kontoret i Oslo, men hovudkontoret mitt blir no på Hardbakke i Solund. Dette må vere den mest fantastiske staden på jord. Naturmessig, og reint menneskeleg. Her er så mange flotte menneske, skryt Brenna.

Ho ønskjer no å vise næringslivet, som tradisjonelt sett er kundane hennar, kva Solund har å by på.

– Eg har fleire opplegg klare. Her er det flotte konferanselokale, overnatting og moglegheiter for flotte opplevingar på fjellturar, padleturar og mykje anna, seier ho.

Særleg er det bedrifter i Florø og Bergen ho ønskjer å lokke hit no i første omgang.

– Både Florø og Bergen ligg så nær som ein time med hurtigbåt. Det bør vere svært aktuelt for næringslivet begge desse stadane å legge kurs og konferansar til Solund. Eg har mange års erfaring med slike event, og har som sagt ferdige opplegg som kan bestillast allereie i dag, seier Brenna.

Brenna vedgår at også Milano, der ho driv verksemd ligg hjartet hennar nær.

– Der kom eg som modell for mellom anna Chanel for 30 år sidan. Og der har eg alltid vendt tilbake. Men dei siste åra har det bleikna samanlikna med Solund, seier Brenna.

I nyttårshelga hadde ho nyttårsfest for venner på Austlandet. Festen vart arrangert på Utvær fyr, så langt vest du kjem her i landet.

– Eg forelska meg i Vestlandet då eg arrangerte jubileumsfest for Synnøve Finden for ein del år tilbake. No har eg gjort alvor av draumen min, og eg skal drive den vidare saman med sambuaren min og firmaet mitt, seier Brenna.

Fotballreiser

I tillegg til event, arrangerer også firmaet til Brenna reiser. Til dømes fotballreiser til VM og EM. Ho arrangerer også skiferiar og anna.

– Alt firmaet mitt gjer og har gjort gjer eg med eigne midlar. Det er ikkje ei offentleg krone her, seier Brenna.

Slik vil ho ha det også framover, og har stor tru på at i løpet av kort tid skal ho få til både kurs og konferansar i Solund.

– Alt ligg til rette. Då er det ingen grunn til at det ikkje skal skje, seier Brenna.

Artikkeltags