Flisekompaniet gir seg ikkje

OPNAR I NOVEMBER: Her, i F20-bygget på Øyrane, kjem den nye Flisekompanibutikken.

OPNAR I NOVEMBER: Her, i F20-bygget på Øyrane, kjem den nye Flisekompanibutikken. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: Trassar tap i millionklassen, og satsar på ny i Førde.

DEL

Ikkje lenge etter Flisekompanikonkursen i juni melde nye lokale eigarar seg. Fagmiljø, med dagleg leiar Henning Bruland i spissen, var raske med å kjøpe varelageret og signere franschiseavtale med Flisekompaniet. Om berre nokre veker opnar dei ein ny Flisekompanibutikk på Øyrane i Førde sentrum. Flisekompaniet skal bli ein del av satsinga til Fagmiljø, med samlinga av fleire bedrifter innan oppussing og rehabilitering. Dei held til under same tak, på gamle Førde storsenter. Det bygget som no vert kalla F20.

Ikkje skremde

Flisekompaniet har ingen vegringar for å prøve med ny butikk igjen i Førde.

– Eg trur ikkje det er noko problem å drive flisebutikk i Førde. Med gode drivarar får ein det til. Tidlegare har Flisekompaniet drive godt i Førde, men ein må vere dedikert til jobben, seier Raymond Lund, dagleg leiar i Flisekompanikjeda.

Sidan 2007 har Flisekompaniet hatt butikk i Førde. Lund har stor tru på karane frå Fagmiljø som overtar stafettpinnen. Dei har vore i bransjen ei stund, og har fordelen av at dei har ei viss omsetning i dei andre bedriftene frå før. No kjem ikkje Flisekompanibutikken til å stå heilt åleine, slik tilfellet har vore tidlegare.  

Fagmiljø utvidar

Fliser kjem som eit nytt produkt for Fagmiljø. Ut i november håpar dei å opne Flisekompanibutikken. Mykje av arbeidet med nyopninga skjer på kveldstid, og noko dato for opninga har dei ikkje sett endå.

– Vi berre heiv oss rundt. To dagar hadde vi på oss til å tømme den tidlegare Flisekompanibutikken. Mykje måtte hivast, men vi fekk oss ein del varer, truckar og reolar, fortel Henning Bruland.

Han ser lyst på den nye satsinga, og meiner at Flisekompaniet er eit sterkt varemerke som kjem til å trekke kundar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken