– Eg er imponert over kvernsteinshistoria i Hyllestad og ser fram til å få byggje vidare på det som Torbjørn Løland og Astrid Waage har bygd opp.

Det seier sveitsiske Franziska Rüttimann til Firda. 1. august etterfølgjer ho Astrid Waage som avdelingsdirektør ved Norsk Kvernsteinssenter, og flyttar saman med mann og born til Hyllestad frå Brugg i Sveits der familien har budd dei siste 14 åra.

Ligg godt til rettes

Rüttimann seier ho er spesielt imponert over jobben Torbjørn Løland og Astrid Waage har gjort med kvernsteinsparken.

– Dei har gjort ein formidabel innsats for å kome dit vi er i dag, og tilhøva ligg godt til rettes for at eg kan få vere med på å utvikle prosjektet vidare.

Trur på turisme

Rüttimann meiner Hyllestad har eit utviklingspotensial som reisemål for turistar som vil oppleve noko ekte og eksotisk.

– Kvernsteinsparken er unik – ikkje berre i Sogn og Fjordane – men også for Norge og resten av verda. Utfordringa vert å skape eit produkt som er unikt og freistande, og som kan vere med på å trekkje fleire turistar og besøkjande til kvernsteinsparken spesielt, og til Hyllestad generelt.

Eksotiske Hyllestad

Sjølv om ho og familien gler seg til å flytte til det ho omtalar som eventyrlege Hyllestad, knyter det seg òg spenning til flyttinga.

– Vi har aldri budd på ein så liten – og for oss eksotisk – plass, så overgangen blir stor og vi er spente på korleis dette blir.

Familien hadde vore på utkikk etter jobb i Norge, og i Hyllestad fanst det jobb til begge.

– Per er geoarkeolog, og det var berre interessant å flytte viss vi begge kunne jobbe der, seier Rüttimann som i dag er leiar av museet Mühlerama i Zürich. Ho er utdanna etnolog, og har òg studert museologi, pluss at ho òg har studert samisk kultur ved Universitetet i Tromsø.

Engasjementet imponerer

Den nye avdelingsdirektøren seier at det no vert ei viktig oppgåve for familien å bli godt integrerte i samfunnet dei no flyttar til.

– Vi har fått ein stad å bu, og borna våre har fått plass i barnehage og skule. Når vi ser kor imponerande engasjementet er i Hyllestad, til dømes i det glimrande samarbeidet mellom skulen og kvernsteinsparken, då gler vi oss til å bli ein del av Hyllestad-samfunnet, avsluttar Rüttimann.