Direktøren i Saga Fjordbase har sagt opp

GIR SEG: Leif A. Stavøstrand skal gradvis overta farens selskap, og har sagt opp stillinga som administrerande direktør i Saga Fjordbase.

GIR SEG: Leif A. Stavøstrand skal gradvis overta farens selskap, og har sagt opp stillinga som administrerande direktør i Saga Fjordbase. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Leif A. Stavøstrand skal gradvis ta over faren sitt selskap, Coast Innovation AS, og har sin siste arbeidsdag 31. mars 2018.

DEL

Leif A. Stavøstrand tok over som administrerande direktør i Saga Fjordbase AS frå 1. april 2016, og kom då frå stillinga som viseadministrerande direktør.

Han tok då over jobben etter Geir Johannessen, som gjekk til stillinga som konserndirektør.

Skal overta farens selskap

Snart seks år sidan han byrja i selskapet forlèt han direktørstolen, og ifølgje ei pressemelding er avgjersla teken saman med familien og er grunna eit generasjonsskifte i Coast Innovation AS. Det er eit firma som er starta og drive av Leif A. Stavøstrand sin far, Gunnar Stavøstrand (67).

Denne overtakinga vil skje gradvis, og etter kvart skal den avtroppande direktøren for Saga Fjordbase ta over som dagleg leiar i faren sitt selskap.

– Eg er stolt for det som vi i Saga Fjordbase har fått til saman, og er svært takknemleg for dei moglegheitene eg har fått og tilliten som Saga Fjordbase og INC har gitt meg gjennom snart seks år. Det kjem store prosjekt og positive utfordringar i åra framover som bedrifta er veldig godt rusta til å takle, seier Leif A. Stavøstrand i pressemeldinga.

Geir Johannesen skal leie

Prosessen med å tilsette ny administrerande direktør vil starte snarleg. Fram til erstattaren er på plass vil Geir Johannessen fungere som leiar for Saga Fjordbase AS frå Stavøstrand sin sluttdato i mars, og fram til ny administrerande direktør er på plass.

Artikkeltags