Nekst får bygge verdas største oppdrettsanlegg på land

Slik ser Nekst for seg at oppdrettsanlegget i Florø kan sjå ut.

Slik ser Nekst for seg at oppdrettsanlegget i Florø kan sjå ut. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FLORA: Anlegget på Botnastranda skal kunne produsere 20.000 tonn smolt.

DEL

Nekst AS har fått konsesjon for verdas største landbaserte oppdrettsanlegg på Botnastranda i Flora. Her kan dei produsere 20 millionar smolt på opptil ein kilo på land.

Det melder selskapet i ei pressemelding.

Ifølge Dagens Næringsliv som først omtalte saka, manglar selskapet berre 2 milliardar kroner for å bygge anlegget som blir større enn 12 fotballbaner.

Anlegget vil ta i bruk det siste av teknologi, melder Nekst, og det meste av vatnet som skal brukast skal resirkulerast. Dermed skal bedrifta ha eksakt kontroll av vasskvaliteten, som vil gi optimal fiskehelse, og det skal ikkje gjerast inngrep i nærliggande vassdrag.

Fleire nye arbeidsplassar

Ifølge selskapet betyr anlegget mange nye kompetansearbeidsplassar i fylket.

– Kompetansen i nærmiljøet, saman med solid politisk forankring og støtte, blir nøkkelen til suksess framover, seier Martin Ramsdal i Nekst.

Han viser til at dei allereie har eit nært samarbeid med skulane i fylket, og seier at fleire intensjonsavtalar med framtidige partnarar i lokalmiljøet er på trappene.

Rask behandling

Nekst understrekar at dei er svært tilfredse med at søknaden blei godkjent på rekordtid. Ifølge Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring og kultur, kunne søknaden bli raskt behandla fordi prosjektet var veldokumentert og gjennomarbeidd.

– Ein viktig suksessfaktor for norsk oppdrettsnæring ligg i høg kompetanse og effektivitet innan byråkratiet, seier Kjell Audun Aasen, partnar i Nekst, i pressemeldinga.

Treng to milliardar

No jobbar dei med å finne investorar som vil investere i anlegget som blir 400 meter langt og 150 meter breitt. Ifølge Dagens Næringsliv vil det koste mellom 2 og 2,5 milliardar kroner. Selskapet satsar på byggestart i 2017, to år med bygging og oppstart i 2019.

Sparebank 1 Markets er henta inn som finansiell rågjevar.

– Nekst er tidleg ute med å realisere eit større landbasert oppdrettsanlegg, som vil sikre auka vekst for næringa, og vi trur at prosjektet vil bli godt mottatt i kapitalmarknaden, seier Corporate direktør i Sparebank 1 Markets, Nils Hovtun i pressemeldinga.

Les også:  Vil byggje verdas største i Florø

Artikkeltags