Måløy-bedrifta Videonor AS/ Seevia AS vann årets nyskapingspris. NHOs Nyskapingspris skal delast ut for å påskjøne enkeltmenneske sitt initiativ og pågangsmot samt for å skape auka interesse og merksemd i samfunnet for etablering og nyskaping.

Lite innovasjon?

– Mange peikar på at det er lite innovasjon i fylket, men denne bedrifta motbeviser dette, sa NHOs regiondirektør Jan Atle Stang under gårsdagens møte.

Videonor AS leverer videokonferanse som ei teneste. Dette gir verksemder i heile landet, samt utlandet, moglegheit til å bruke videokonferanse på same måte som ein abonnerer på mobil i dag. Seevia AS er videokonferansens «gule sider». Det er dei same personane som står bak begge bedriftene, og dei vann prisen saman.

Inspirert gründer

– Det er inspirerande å vere gründer i Sogn og Fjordane. Prisen går til det fantastisk teamet som sit i Måløy, og dette vil gje oss inspirasjon til å drive vidare. Løysinga vår er ein del av framtida for fylket og er med på å eliminere eit av våre store problem – avstandane, sa gründer Jørn Mikalsen.