Fekk kjempeoppdrag

Lukkelege: Ove Nordbø og fungerande dagleg leiar Roy Sævik i Norsk Bergsikring AS er glade for oppdraget for Statnett.

Lukkelege: Ove Nordbø og fungerande dagleg leiar Roy Sævik i Norsk Bergsikring AS er glade for oppdraget for Statnett. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Den nystarta bedrifta har landa kontrakt verd 13 millionar.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Norsk Bergsikring i Stongfjorden har fått sitt første store oppdrag, verdt 13 millionar kroner.

– Vi er veldig glade for at ei lite, nystarta firma som vårt har fått ein så stor jobb for Statnett. Oppdraget sikrar arbeid for 7–8 mann i 12–13 månader, seier styreleiar Roy Sævik i Norsk Bergsikring AS til Firda.

Alt innan fjellsikring

Sævik fortel at dei tek oppdrag i alle Vestlandsfylka, og at firmaet er kvalifisert og sertifisert for alt innan fjellsikringsarbeid. Til dømes montering av steinsprangnett, isnett, rasgjerder og erosjonssikring. I tillegg utfører dei òg fjellbolting og fjellreinsking ved hjelp av tilkomstteknikk.

Rasgjerde, reins og bolting

Sævik fortel at dei på denne jobben vert underentreprenør under entreprenør K.A. Aurstad AS. Oppdraget går ut på å montere eit 200 meter langt rasgjerde, pluss reinske og bolte fjell på tilkomstvegen mellom Mannsverk og Fardal i Sogn i samband med transformatorstasjonen Statnett skal byggje der. Arbeidet startar 22. august i år, og er venta å vere ferdig i september neste år.

Vanskeleg å skaffe rett folk

Norsk Bergsikring vart starta i februar i år, og har per i dag 6 tilsette. I samband med oppdraget i Sogn skal dei tilsetje 1–2 personar meir.

– Men det er vanskeleg å skaffe dei rette folka, fortel dagleg leiar Ove Nordbø.

– Arbeidet er tungt og fysisk krevjande, og det meste av jobben vert gjort manuelt med spett. Steinar på 2–3 kubikkmeter kan vere overraskande lette å få lause berre ved hjelp av spett, men i nokre tilfelle vert luftputer nytta til å ta ned blokkene. Siste utveg blir ein sjeldan gang sprenging. Og arbeidet er ikkje risikofritt heller, seier Nordbø.

Vart alvorleg skadd

Og Nordbø veit kva han snakkar om. Han er for tida sjukmeld etter ei arbeidsulykke. Nordbø går med på å kome innom kontoret sitt for møte Firda sidan det er han som kjenner Norsk Bergsikring best.

Realiserte draumen

­– Fjellsikring har eg drive med sidan om lag år 2000, til dømes som formann for gjengen som jobba med fjellsikring på Dalsfjordsambandet, seier Nordbø.

– Lenge har eg tenkt på å starte for meg sjølv, og takka vere hovudaksjonær Kai Ove Johansen og medaksjonær Jo Eivind Berge Stang, Sparebanken Sogn og Fjordane, Næringsfondet og tilskot frå Askvoll kommune fekk eg draumen realisert. Vi er heilt avhengig av risikovillig kapital skal vi få til utvikling i Sogn og Fjordane, slår Nordbø fast.

Artikkeltags