Får drivstoff-støtte

Arnt Henning Blom driv Værlandet Handel, som har fått støtte gjennom den nye ordninga med mål om å sikre drivstofftilgangen i Distrikts-Norge.

Arnt Henning Blom driv Værlandet Handel, som har fått støtte gjennom den nye ordninga med mål om å sikre drivstofftilgangen i Distrikts-Norge. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

15 butikkar i distriktet har til no fått pengar.

DEL

Ordninga er ny av 10. januar i år, og målet til Kommunal- og regionaldepartementet er å sikre drivstofftilgangen i Distrikts-Norge.

Bulandet og Værlandet

I Sogn og Fjordane er det Joker Bulandet/AS Nikøy og Værlandet Handel som har fått støtte til drivstoffanlegg. Førstnemnde har fått 500.000 kroner, og Værlandet Handel har fått 26.000 kroner.

Regjeringa har i år sett av vel 21 millionar kroner til å sikre drivstofftilgangen i distrikta.

– Gode grunnleggjande tenester i alle deler av landet er ei viktig målsetjing i distrikts- og regionalpolitikken. Sal av drivstoff har for mange distriktsbutikkar vore ein viktig tilleggsfunksjon. Daglegvarehandel og drivstoffhandel er tenester som byggjer opp om kvarandre, og som saman byggjer opp sterkare lokale servicesentra. Eg synest det er svært spennande å sjå så konkrete resultat, og at det samla tenestetilbodet i distrikta blir betre, seier statsråd Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

Fleire skal få

Fram til 1. mai var det gjeve tilsegn om utbetaling av til saman 3,38 millionar kroner, fordelt på 15 butikkar.

Kvar butikk kan få opp til 500.000 kroner. Anlegg lokalisert til Merkur-butikkar og stader der avstandane til næraste drivstofftilbod er lange, skal prioriterast.

Artikkeltags