Er dette noko alle må ha?

Slik ser oppfinninga ut.

Slik ser oppfinninga ut. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

– Det kan bli god butikk, for å seie det sånn, fortel gründeren.

DEL

Ideen er like enkel som den er genial, og namnet Smart Connect er ikkje tilfeldig. Om oppfinnaren Frode Steen får rett, vil produktet snart spreie seg verda over.

– Det kan bli god butikk, for å seie det sånn, fortel gründeren.

Løyser alle dine "problem"
Du har kanskje sprunge rundt med ein kabel og leita desperat etter adapteret til iphone-ladaren? Eller irritert deg over at du må bruke PC-en din til å lade fotoapparatet? Eller er du av typen som ikkje vaskar kring TV-en på grunn av alle kablane som ligg i ein haug på golvet? No kan snart alle slike problem vere løyst, og samstundes vil Frode Steen si oppfinning gjere huset ditt tryggare mot brann.

Får ofte idear
– Eg får ganske mange meir eller mindre gjennomtenkte idear og produkt til vurdering gjennom året. Denne er ein av dei beste eg har fått. Gjensidige har ein tryggleiksbutikk som vert marknadsført til alle privatkundar, og dette produktet kan eg love vil bli tatt inn der for sal, var responsen frå fagdirektør for Brann, Odd A. Rød, i Gjensidige, då Steen presenterte Smart Connect.

– Den runde brytaren bryt begge straumkretsane i kontakten, som gjer han mykje tryggare enn dei fleste som er på marknaden i dag, som berre kuttar ein krets, forklarar Steen.

Ut på marknaden
I løpet av året har han som mål å få produktet ut i éin elektrokjede, éin byggevarekjede og éin daglegvarekjede. Men det vil krevje hardt arbeid på kort tid frå gründeren.

– Eg håpar produksjonen skal vere i gang i månadsskiftet mars/april, seier Steen, som allereie har vore i kontakt med ein radio- og tv-kjede som tok imot ideen med opne armar.

Driftssjef for faghandel ved Coop Vest, Tore Gamborg, står allereie klar til å ta imot produktet.

– Vi har klokkartru på dette produktet. Og vi kjem til å starte salet i våre butikkar i Sogn og Fjordane og sør på Sunnmøre i første omgang.

Steen sjølv er klar på at samarbeidet er ein bra start for marknadsetableringa.

– Det er kanonflott å ha fått i gang dette samarbeidet. Vi hadde ei liste over samarbeidspartnerar vi ønskte, og der stod Coop øvst, fortel Steen.

Enkel montering
Monteringa av Smart Connect er så enkel at "sjølv mor kan gjere det", ifølgje oppfinnaren.

– Ein har sjølv lov til å ta av dekselet på stikkontaktane på veggen. Etter å ha gjort det er det berre å stikke Smart Connect inn i støpselet og feste med fire skruar. Trykk på knappen og den er klar til bruk, forklarar Steen.

Men han har ambisjonane klare.

– Vi har i utgangspunktet definert Norge og Sverige som marknad, men kan i teorien levere til 50 land utan betydelege endringar. I dei 50 landa bur det 1,2 milliardar menneske, så det kan bli god butikk, seier Steen og ler.

Tilpassa krav
Det er ikkje berre privatpersonar som kan bli storforbrukarar av oppfinninga ifølgje gründeren. Også husentreprenørar og elektrikarar står på marknadslista.

– Det har komme krav om at det skal vere seks straumuttak der TV-en skal stå i nye hus. Med Smart Connect kan du montere éin veggboks og så er kravet oppfylt, seier Steen, som òg meiner dei to USB-utgangane gjer produktet ekstra attraktivt.

– I dag vert så mange duppedittar lada via USB. Eg har alltid kablar liggande, men adapteren finn eg aldri att. Det er sånn at USB nesten har blitt ein ny standard, seier Steen.

Faren til gründeren, Asbjørn Steen, er ikkje i tvil om at oppfinninga kan bli like populær som andre kjende norske produkt.

– Sjå på bindersen. Den er enkel. Dette er like enkelt, men genialt, seier Asbjørn Steen.

Artikkeltags