- Dette er ein strålande dag

FORNØGD: Dagleg leiar Leif Arne Åsen i Åsen & Øvrelid AS er svært tilfreds med at firmaet hans fekk tilslaget på å byggje Førde sitt nye rådhus. Her er Åsen på toppen av Meieritomta, kor Åsen & Øvrelid no byggjer nytt kunstmuseum. I bakgrunnen skimtar vi rådhustomta like ved sørenden av Langebrua.

FORNØGD: Dagleg leiar Leif Arne Åsen i Åsen & Øvrelid AS er svært tilfreds med at firmaet hans fekk tilslaget på å byggje Førde sitt nye rådhus. Her er Åsen på toppen av Meieritomta, kor Åsen & Øvrelid no byggjer nytt kunstmuseum. I bakgrunnen skimtar vi rådhustomta like ved sørenden av Langebrua. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Meiner framtida for storentreprenøren er sikra etter at dei fekk tilslaget på å bygge Førde sitt nye signalbygg.

DEL

- Det var berre utruleg gledeleg å få beskjeden. Dette betyr at mange arbeidstimar i åra framover er sikra, og nettopp det er det viktigaste for oss, seier dagleg leiar Leif Arne Åsen til firda.no torsdag føremiddag.

Konkurrerte med nordmøringar

Åsen og Øvrelid fekk torsdag morgon gladmeldinga frå Førde kommune. Det Førde-baserte selskapet har fått tilslaget på å byggje byens nye rådhus i konkurranse med entreprenørfirmaet Brødrene Røsand AS frå Averøy på Nord-Møre. Røsand AS er forøvrig ein av dei største entreprenørane i heile Midt-Norge.

- Rådhuset er eit utruleg spennande prosjekt, som òg sikrar dei tilsette gode og utfordrande arbeidsoppgåver i tida som kjem. Og no skin sola òg, nei, dette kan ikkje bli betre, gliser Åsen medan han skuer ut over tomta entreprenørfirmaet hans skal boltre seg på i tida framover.

Flaggkortesje gjennom sentrum

Fleire av dei tilsette har fått nyss i nyheita i løpet av morgontimane, og reagerte med spontan glede over kontrakta som er i hamn.

- Eg har fått med meg at det køyrer ein kortesje av firmabilar med flagg ut vindauget rundt i sentrum no. Dette er det ikkje eg som har organisert, berre så det er sagt, ler Åsen.

«Firmaet som byggjer Førde»

Åsen og Øvrelid er i dag mellom anna engasjert i prosjektet kor Sogn og Fjordane Kunstmuseum skal reisast på den gamle meieritomta i Førde sentrum. Dei har også stått for høgblokka Storehagen Atrium på same tomt, som mellom anna huser Lotteritilsynet.

Firmaet har sidan oppstarten 1988 hatt ei rivande utvikling. I dag sysselset dei over 90 tilsette og omsett for kring 220 millionar kroner årleg. Entreprenøren har vore involvert i dei fleste større byggjeprosjekt i Førde dei siste åra.

Skal også til Sogndal

I tillegg til rådhus skal Åsen og Øvrelid framover òg byggje leilegheitskomplekset Sjøkanten i Sogndal sentrum. Dette prosjektet fekk ein knallstart onsdag kveld då 20 av 35 planlagde leilegheiter vart selde på under èin time.

Sjå òg: Selde for 60 mill på 60 min

- Du kan trygt seie det har vore 24 avgjerande timar for oss no. Det er utruleg herleg at ting gjekk vår veg begge stader, smiler Leif Arne Åsen.

Artikkeltags