Dei skal gjere elva til verdas beste for laks

aman skal dei utnytte ressursane. Frå venstre: Arne Kringlen, Frode Fluge, Atle Frøysland, Håkong Myrvang og Kjartan Krognes og Anders Neteland.

aman skal dei utnytte ressursane. Frå venstre: Arne Kringlen, Frode Fluge, Atle Frøysland, Håkong Myrvang og Kjartan Krognes og Anders Neteland. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Ein ny plan skal utnytte lakseressursane i Nausta best mogleg. Saman presenterer Naustdal kommune, Sunnfjord Næringsutvikling (SNU), Nausta Elveeigarlag, Naustdal Jakt- og Fiskelag, og Norsk Villaksforvaltning (NVF) no ein tredelt sertifiseringsmodell som skal realisere potensialet i ressursane elva har å by på.

– Vi vil hjelpe elveeigarane på tre måtar. Vi vil profesjonalisere drifta av Elveeigarlaget, sette i gong tiltak for å få meir laks i elva og auke verdiskapinga frå lakseturismen, seier dagleg leiar i NVF, Atle Frøysland.

Eiliv Erdal, leiar i Nausta Elveeigarlag, er svært positiv til prosjektet.

– Vi er eit stykke på veg, men her er eit stor unytta potensial, seier han.

Skal bli verdas beste

Prosjektet i Nausta skal bli nytta som mal for ein nasjonal modell for ei framtidsretta villaksforvalting og lakseturisme, med målsetting om at Sunnfjord, og Sogn og Fjordane, skal bli leiande på området.

Naustdal kommune har eit mål om å skape verdas beste villaks

forvalting i Nausta. Ordførar Håkon Myrvang uttrykker entusiasme for prosjektet.

– Som kommune er vi veldig begeistra for dette. Det er eit veldig spenstig mål, men eit oppnåeleg mål som vi er stolte av. Dette er ei kjempemoglegheit til å utvikle Naustdal, og vi vil vere med å støtte prosjektet på alle moglege måtar seier han.

Konsekvensar av gruve

At målet er vanskeleg å oppnå i kombinasjon med gruvedrift i Engebøfjellet avviser ordføraren.

– Laksen er vurdert i konsekvensutgreiing. Laksen er veldig tilpassingsdyktig. Det går heilt fint, seier han.

Dei andre aktørane i prosjektet er derimot skeptiske, og meiner konsekvensane for laksen bør utgreiast meir.

– Sjølv om laksen er tilpassingsdyktig må det undersøkjast kor tilpassingsdyktig han er, seier Erdal på vegner av elveeigarane.

– Det er urovekkjande at ein ikkje tar dette meir på alvor. Vi støtter oss til rapportar frå Norsk institutt for naturforsking, der det står at konsekvensutgreiinga for laksen er mangelfull og for sjøaure ikkje-eksisterande. Ein kan ikkje gamble med det som kanskje er den beste lakseelva i Norge, målt i talet på laks per meter elv, seier Frøysland.

Artikkeltags