Carbontech etablerar <br/>seg i Høyanger

Den nye fabrikken skal stå på C-halltomta i Høyanger.

Den nye fabrikken skal stå på C-halltomta i Høyanger. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Ei verksemd basert på ny miljøteknologi skal skape 50 nye arbeidsplassar i Høyanger.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Den norske bedrifta Carbontech Holdings AS har utvikla ein ny teknologi for utskilling av karbon frå naturgass. Eit pilotprosjekt på Kolsnes har gitt så gode resultat, at selskapet no vil sette i gong med industriell produksjon.

Carbontech vil etablere den industrielle produksjonen i Høyanger, kor det er infrastruktur for naturgass frå Nordsjøen. Høyangerfondet, selskapet Hexagon Composites ASA og Sparebanken Vest har gått inn med 20 millionar kroner gjennom ei aksjeutviding.

Miljøvennleg patent

Naturgass inneheld karbon og hydrogen. Ved bruk av høg temperatur blir karbonet frigjort frå hydrogenet.

Som råvare for gasskraftverk gir reinsa naturgass vesentlege mindre CO2-utslepp. Den nye teknologien kan difor vere ei viktig utvikling for produksjonen av fornybar energi.

50 nye arbeidsplassar

Fabrikken skal stå der C-hallen før stod. Verksemda skapar om lag 50 nye arbeidsplassar og skal etablerast over dei neste tre til fire åra, med forretningsadresse i Høyanger.

Dei nye aksjonærane skal halde ein pressekonferanse i Høyanger på måndag, og vil ikkje uttale seg til pressen på det noverande tidspunkt.

Artikkeltags