Førdianar i Texas går på børs med nytt selskap

Bjarte Bruheim tek Axxis Geo Solutions på børs.

DEL

Axxis Geo Solutions er eit ferskt seismikkselskap som sel geologisk informasjon til oljeselskap over heile verda.

Selskapet vert leia frå Houston i Texas av Bjarte Bruheim, som voks opp i Førde, og som seinare har hatt leiande stillingar innanfor denne bransjen.

Axxis Geo Solutions spesialiserer seg på å skaffe geologisk informasjon via nodar som dei plasserer ut på havbotnen, skriv Finansavisen.

Fjord1- og verftseigar Per Sævik gjekk inn i Axxis med tre millionar dollar i november 2017, som på det tidspunktet gav ein eigarpost på 15 prosent.

Axxis Geo Solutions, med ASA bak etter børslansering, hadde driftsinntekter på 22 millionar dollar i 2018, og eit underskot før skatt på 2,9 millionar dollar.

Til no i 2019 har Axxis sikra seg nye kontraktar for 80,4 millionar dollar, skriv Finansavisen.

Artikkeltags