Ber om 152.000 kvadratmeter til handelspark

I juni i fjor la Coop Vest fram planar som viste korleis den nye handelsparken kan ta seg ut.  Handelsområdet kan no bli ytterlegare utvida, dersom Citus AS for det som dei vil.

I juni i fjor la Coop Vest fram planar som viste korleis den nye handelsparken kan ta seg ut. Handelsområdet kan no bli ytterlegare utvida, dersom Citus AS for det som dei vil. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Handelsparken på Brulandsvellene kan bli langt større enn hittil kome fram. Citus AS ber kommunen setje av eit areal på 152 dekar.

Då Firda omtalte Coop Vest si storsatsing på Brulandsvellene i juni i fjor, var det snakk om 80 mål, 400–600 arbeidsplassar og 800 millionar i meiromsetning i Førde.

Når arealdelplanen for Førde kommune no skal rullerast, foreslår Asplan Viak på vegner av Citus AS at eit område på 152 dekar vert disponert til regional storhandel. Området omfattar tre gardsbruk og to bustadeigedommar.

Citus AS der Coop Vest Eigedom AS eig 50 prosent av aksjane, disponerer ein stor del av det aktuelle området, men selskapet meiner at også resten må vurderast som framtidig næringsareal for å få ei heilskapleg og rasjonell utnytting.

Tyngdepunkt

Ønsket er å omdisponere arealet frå landbruk, natur, friluftsliv

og bustadføremål til handelsverksemd, eventuelt kombinert med bustader, offentleg verksemd og/eller allmennyttige føremål.

Asplan Viak viser til at gjeldande kommuneplan fastslår at Førde skal vidareutviklast til det største tyngdepunktet mellom Ålesund og Bergen innan handel. Samtidig er det ei nasjonal og lokal målsetjing om at bruken av dyrka mark skal reduserast. Førde har stort press på sentrumsnære areal og vidare utbyggingsstrategi vil vere heilt sentralt ved utarbeiding av kommunens overordna planar, meiner selskapet.

Fritidsaktivitet

Asplan Viak viser til ei enorm utvikling i handelsbransjen. Butikkane blir stadig større, og over heile landet vert det no etablert varehus som har heile regionar som målgruppe.

– Det blir utvikla stadig nye konsept som har til hensikt å presse ned prisane og yte betre service overfor kundane, skriv konsulentselskapet som også trekkjer fram at handel i stadig større grad har blitt ein fritidsaktivitet.

– Sett i forhold til perspektivet om utvikling av det kompakte sentrum er det i utgangspunket ikkje ønskeleg å spreie handelen utover dagens sentrum. Forretningane i sentrum er likevel for ein stor del bedrifter i relativt små lokale på relativt små eigedommar. Dette er noko av sjølve karakteren ved forretningsdrifta i sentrum. Det kan difor vere vanskeleg å tilpasse nye, store og enkelte forretningsbygg til arkitekturen i sentrum. Ved å krevje at alle nyetableringar skal skje i sentrum, er det ein reell fare for at kvalitetane i sentrum vert svekt framfor å bli styrkt, skriv Asplan Viak.

Handelsanalyse

Dei peikar på at det er etablert handel på Brulandsvellene i dag. Dette tilseier at Brulandsvellene er godt eigna for ei vidare utvikling av dei nye handelskonsepta, då samlokalisering av handelen med plasskrevjande varegrupper er klart å føretrekke ut frå eit transportperspektiv. Nærleik til både sentrum og E39 er gunstig i forhold til å avgrense tungtransport til sentrum, samtidig som det ligg godt til rette for kollektivtransport og gang/sykkel, påpeikar Asplan Viak.

For å belyse lokale og regionale verknader av tiltaket på Brulandsvellene vil det bli utarbeidd ein handels- og transportanalyse. Analysen vil sjå nærmare på potensialet for styring av Førde som eit regionalt handelssenter og kva effekt ein kan venta av ein slikt senter i forhold til å redusere handelslekkasjen ut av fylket.

Artikkeltags