Linda er ny direktør for privatmarknad

NY DIREKTØR: Linda Wøllestad Westbye er ny direktør for privatmarknad hos Sparebanken Sogn og Fjordane.

NY DIREKTØR: Linda Wøllestad Westbye er ny direktør for privatmarknad hos Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Linda Vøllestad Westbye (38) er Sparebanken Sogn og Fjordane sin nye direktør for bankens største forretningsområde.

DEL

Privatmarknaden utgjer om lag 75 prosent av forretningsvolumet til banken, og ho får ansvaret for rundt 150 tilsette fordelt på over tretten kontor. Westbye går inn i leiargruppa og startar i stillinga 1. april 2018.

– Eg gler meg veldig til å begynne og er audmjuk og spent. Dette er eit nytt felt for meg, samtidig som eg ser mange parallellar til mine eigne jobberfaringar, både når det gjeld ny teknologi og endringar, seier Linda Vøllestad Westbye i ei pressemelding.

Westbye har sidan 2014 vore tilsett som avdelingsdirektør i Lotteritilsynet i Førde. Ho starta som rådgjevar i tilsynet i 2009 og kom frå stillinga som regionsekretær i Landsforeningen for trafikkskadde. Ho er utdanna samfunnsvitar og har mastergrad i sosialantropologi. Westbye flytta til Førde i 2007, er gift og har to born.

– Linda er ein nytenkande, energisk og handlekraftig leiar. I ei tid der næringa står overfor betydelege endringar, kan manglande bransjeerfaring vere meir ein fordel enn ei utfordring, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, i pressemeldinga.

Sparebanken har 105.000 privatkundar og ein marknadsdel i Sogn og Fjordane på over 47 prosent. I tillegg er rundt 50 prosent av utlånsveksten på privatmarknaden utanfor fylket, spesielt i Oslo og Bergen. Avdelinga tilbyr tenester innanfor bank, forsikring, sparing, pensjon og eigedomsmekling.

– Banken har ein svært sterk posisjon på privatmarknaden, og eg er trygg på at Linda har det som trengst for å utvikle banken sitt største forretningsområde vidare, seier Teigene.

Westbye overtar stillinga etter noverande direktør Hallvard Klakegg, som startar i jobben som direktør for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane den 1. april. 

Artikkeltags