Han meiner det var heilt nødvendig å byte ut dei kvadratiske gitterveggene med romber, slik han opphavleg hadde teikna skywalken.
Rørsle
– Eg er veldig fornøgd med heilskapsinntrykket. Skywalken uttrykkjer dei rørslene eg ville få fram, sa Collett som skal vitne erstatningssaka byggherren Qvam AS har reist mot Førde kommune.
Han teikna skywalken for Kritt Arkitekter, på oppdrag av Qvam.
Under synfaringa uttrykte Collett glede over at kommunen ikkje firte på krava då Qvam først prøvde seg med gittervegger i kvadratform – strikk i strid med teikningar og byggjeløve.
Rombeforma nødvendig
– Ei rombe er ein firkant med fire like sider, Men sidene er strekt, og nettopp dette skal få fram rørsla eg ønskte å få til. Derfor var det heilt nødvengidng at kvadrata vart byta ut, uttrykte Collett.
Han er oppteken av at byggverket mellom dei to handelshusa i Førde ikkje er ikkje noko hus, men ein skywalk som frakte personar frå ein stad til eit anna, med eit spenn på 37 meter.
– Det er ikkje eit statisk bygg. Kvadratet har på si side tilnærma same openheit, men er retningsnøytralt. Kvadratet er ei geometrisk form utan retning og rørsle, sa Collett i si orientering under synfaringa.
Skuffa over manglar
Han gler seg over rombegitteret, men er samstundes misnøgd med ein del detaljar som mangla, jamfør dei opphavlege teikningane.
Blant anna har huseigaren sløyva trappa som var teikna inn frå andre til første etasje i skywalken.
– Dette er heilt galt. Trappa ville inviterte til mykje meir bruk av skywalken, meiner arkitekten som også er skuffa over rekkverket som er brukt. Det er henta frå eit av handelshusa, og ikkje av den typen Collett teikna inn i planane.
Etter synfaringa i 10-tida tysdag, heldt erstatningssaka fram i tinghuset i Førde. Før lunsj skal både Ida Berqvam og Jostein Fredly i Qvam AS vitne. Etter lunsj står representantar frå kommunen for tur, og i tillegg vil arkitekten halde fram si forklaring.