11.000 saccosekkar på 8 månader

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Sidan oppstarten i mai er det har 11.000 saccosekkar gått ut i marknaden frå produksjonslokala i Innvik. Dermed har nordfjordingane nådd målet.

DEL

Sacco of Norway AS hadde som mål å produsere 10.000 i løpet av 2008. Men den mjuke sekkestolen som hadde si stordomstid på 1970- og 80-talet er tydeleg på veg tilbake. I løpet av åtte månader med produksjon vart det sendt ut 11.000 saccosekkar frå Innvik i Stryn.

No er målet å tredoble produksjonen dei næraste tre åra.

– Vi har lukkast med å utvikle nye variantar av Sacco. Dei vil bli presenterte i Stockholm i februar. Det vil bli nytt både når det gjeld form, tekstil og fargar, seier dagleg leiar Bjørn Aage Haugen til avisa Fjordingen.

Sacco of Norway kjøpte i fjor den 40 år gamle Sacco-merkevara frå Ekornes og flytta produksjonen frå Fetsund til Innvik.

Artikkeltags