Gå til sidens hovedinnhold

Nærare sju av ti ønsker å halde fram med heimekontor etter påske

Artikkelen er over 1 år gammel

Alle som har moglegheit til det, blir oppmoda til å ha heimekontor. I ei undersøking svarer 67 prosent at dei ønsker å halde fram med heimekontor etter påske.

Undersøkinga er gjennomført av Ipsos i perioden 8. til 9. april denne veka. Totalt 529 personar over 18 år deltok i webundersøkinga.

33 prosent svarer at dei ville gått tilbake på jobbkontoret etter påske dersom dei kunne velje.

Denne veka varsla regjeringa at dei lettar på enkelte av koronatiltaka, som til dømes opning av barnehagar og skular. Men dei gjentok oppfordringa om at alle som kan jobbe heimefrå, held fram med det i tida framover.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken