– Kor mykje tid brukar eg på dette når eg er heime? spør Hilde Hallerud sambuaren sin på andre sida av telefonen.
Hilde jobbar vanleg offshoreturnus med to veker på og fire veker av. Når ho er heime er ho leiar i den frivillige organisasjonen SMIL-Fond Sunnfjord og omland.
– Rundt 30 timar i månaden, svarar sambuaren.
200 born under fattigdomsgrensa
SMIL-Fond Sunnfjord og omland er ein liten, frivillig organisasjon som blei stifta i 2021 av Terje Johan Helgheim og Hilde Hallerud.
– Vi starta organisasjonen fordi det var rundt 200 barn i Sunnfjord kommune som levde under fattigdomsgrensa og fordi vi visste at det finnast mykje overskotsmat rundt om hos bedrifter, i butikkar og på Matsentralen, fortel Hilde.
Dei frivillige samlar inn mat som er donert frå Signes raspeball, Naustdal dampbakeri, Erketunet Gardsbakeri, Rema 1000 Øyrane og Matsentralen i Bergen, pakkar matkasser og leverer ut heile året.
– Utdelinga skjer kvar fjortande dag og vi har rundt 30 til 40 mottakarar. Ikkje alle treng hjelp kvar gong, men nokon gonger er det for mange som treng matkasse. Då prioriterer vi barnefamiliar, seier Hilde.
Fryktar å måtte prioritere
Sist veke merka Hilde eit ekstra press og to nye mottakarar blei registrerte etter at matkassene blei delte ut måndag.
– Eg brukar veldig mykje av fritida mi på å gjere frivillig arbeid, men kva gjer ein ikkje når ein veit at det finnest mat tilgjengeleg og at det sit folk med tomme skap og kjøleskap med born. Då lagar ein tid til å pakke.
Sidan organisasjonen blei stifta i 2021 har fleire og fleire oppdaga dei.
– Det er litt som å starte ei bedrift. Ein må komme inn på marknaden og folk må vite om oss, seier Hilde.
Ho ser ikkje bort ifrå at behovet for matkasser kan auke framover. Ut ifrå førespurnadene ho har fått siste veka så vil ho nesten tru det.
– Eg fryktar at dersom vi hadde nådd ut til alle som trong det, ville vi ikkje klare å levere etter behovet.
Dersom behovet aukar er Hilde bekymra for å måtte prioritere.
– Vi har avgrensa med frivillige og tilgang på mat så på eit tidspunkt kjem prioriteringane. Det håpar eg vi slepp, seier ho.
Eit klart behov
I organisasjonen SMIL-Fond Sunnfjord og omland er dei fire til fem aktive frivillige og omtrent det same talet som er innom av og til. Ein vanleg frivillig hjelper til nokre timar i månaden med henting, pakking og utkøyring av varer.
– Vi har absolutt kapasitet til ta i mot meir mat om butikkar og bedrifter har meir å gi.
Sunnfjord er primærområdet organisasjonen leverer til, men dei leverer også matkasser til stader i andre nærkommunar.
– Det er eit klart behov. Det er ingen matsentral mellom Bergen og Trondheim. Draumen min er å få det til i Førde, seier Hilde.
For augeblikket held organisasjonen til i det gamle kioskbygget på Moskog.
– Det set vi stor pris på og vi betalar berre straum. Likevel hadde det vore meir gunstig med eit lokale i Førde med møterom og toalett for dei frivillige. Det har vi ikkje plass til på Moskog, seier Hilde.
Storhjarta sunnfjordingar
Hilde set stor pris på at næringslivet støttar opp under organisasjonen og at enkeltpersonar bidreg.
– Folk i Sunnfjord er utruleg storhjarta, seier ho.
Organisasjonen hadde handlevogner ståande ute før jul og fekk inn mykje ekstra til å distribuere utover 40 julematkasser. I tillegg samla dei inn over 5000 kroner på Spleis.
No har Hilde begynt å få telefonar frå fleire bedrifter som har mat til overs.
– Det er veldig viktig at bedrifter og butikkar gjer det. Har dei mat som går ut på dato eller som dei kan fryse ned til oss så tek vi imot:
– Det handlar om berekraft også: vi kastar for mykje mat med tanke på verdssituasjonen i dag, seier ho.
– Kvifor brukar du fritida di på dette?
– Det er noko eg er oppvaksen med og det har alltid gitt meg noko å yte sosialt. Mor mi var leiar i Førde Røde Kors barnehjelp og sambuaren min har også alltid vore sosialt engasjert. Sjølv har eg vore engasjert i humanitært arbeid både nasjonalt og internasjonalt og eg har drive med frivillig innsats lokalt i Bjørkelia og Kråkenesmarka for å gi nokre eksempel.
– Det er noko med det å sjå at ein klarer å gjere ein forskjell. Det gir noko positivt tilbake. Og så er det jo sosialt, avsluttar Hilde.
Fattigdommen aukar i Førde - Aldri før har så mange bede om matkasse frå Røde Kors

Matvareprisane stig. Armandas er ikkje fornøgd med mora sitt kuttforslag
