Totalt 1.000 menneske har svart på undersøkinga, som er gjord for NRK. Den viser at det er aldersgruppa 50–59 år som er minst bekymra, og dessutan at menn er mindre bekymra enn kvinner.

Psykolog Peder Kjøs seier til NRK at han ikkje er overraska.

– Eg trur ein blir sliten og lei av å vere redd på eit vis. Etter ei tid når ein ei grense for kor lenge ein greier å gå og vere aktivt bekymra, seier han.

(©NPK)