Nær halvparten bryt fartsgrensa i tettbygde strøk

Av

47 prosent av norske bilistar seier at dei ofte eller av og til bryt fartsgrensa i 50-sonene. Heile åtte av ti bryt fartsgrensa i 80-soner.

DEL

Det viser ei ny landsdekkjande undersøking frå Kantar utført på oppdrag frå Trygg Trafikk.

Også i 30-sonene køyrer mange for fort. Tre av ti gjer det av og til eller oftare, ifølgje undersøkinga.

– Det er snakk om tettbygde strøk og bustadstrøk med barn og mjuke trafikantar. Då er det ekstra viktig å halde farten nede og vere årvaken. Vi i Trygg Trafikk ønskjer òg fleire politikontrollar i tettbygde område, seier seniorrådgivar i Trygg Trafikk, Bård Morten Johansen.

48 prosent av dei som køyrer for fort, seier dei gjer det fordi dei gløymer seg, medan 37 prosent meiner dei kan køyre for fort fordi vegen er god nok.

Aller mest råkøyring er det likevel på landevegane. I 80-sonene seier meir enn to av ti at dei nesten alltid bryt fartsgrensa. Meir enn åtte av ti seier at dei gjer det av og til eller ofte.

Artikkeltags